Hopp til innhold

Vegarbeidarar uroa i Dalsfjorden

Arbeidarar ved Dalsfjordsambandet er uroa etter at ei steinblokk glei ut og var nær ved å treffe ei gravemaskin torsdag.

Lastebil knust av tunnelras

KNUST: Eit stort snøras knuste denne lastebilen i byrjinga av februar. Torsdag sklei ein steinblokk ut ved utgangen av Eikenes-tunnelen.

Foto: Statens vegvesen

Arbeidet med veg og tunnelar på begge sider av Dalsfjordsambandet er i full gang.

I dag skriv avisa Firda at dei har blitt kontakta av tilsette som er redde for sin eigen tryggleik i området. Ein mann sat inne i gravemaskinen som heldt på å bli treft ved utløpet ev Eikenes-tunnelen.

Meiner det burde vore tunnel

Også leiar for ein av underentreprenørane, Cato Aurstad, deler uroa. Han har ansvar for 12 tilsette og 12 maskinar.

– Vi må vere veldig observante, fordi det er overhengande fjell og mange steinblokker på ei lang strekning, seier han til avisa.

Han seier det burde vore laga tunnel istaden for open veg i dette området.

I februar blei firmaet ein lastebil knust under arbeidet i ein tunnel på andre sida av fjorden, då 300 kubikkmeter stein rasa ut. Like før dette raset var det tre personar inne i tunnelen.

Skulle vore bolta først

Prosjektleiar Einar Kåre Hovland i Statens vegvesen seier at gravearbeidet torsdag starta før området var bolta slik det skulle vore gjort.

– Fjellsida er vurdert saman med geologar og hovudentreprenøren. Vi skal byggje anlegget slik at det blir forsvarleg, seier han til Firda.