Hopp til innhold

Brann vil ha nok ein Sogndal-spelar

Brann er nok ein gong ute etter signaturen til ein spelar frå erkerivalen Sogndal: Ole Jørgen Halvorsen skal stå på ønskelista til bergensarane.

Ole Jørgen Halvorsen rundar Lars Grorud

FØLGJER ETTER? Ole Jørgen Halvorsen kan bli den neste spelaren som går frå Sogndal til Brann. Her er Halvorsen i duell med Lars Grorud, som forlet Sogndal for Brann etter sist sesong.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Brann hadde vore flott, men eg tenkjer ikkje på neste sesong no. Vi har fire veldig viktige kampar igjen med Sogndal, seier Ole Jørgen Halvorsen til Bergens Tidende.

LES OGSÅ: Sjå Udjus forklare kvifor han knuste fjernkontrollen til Halvorsen

Har høyrt om interesserte klubbar

Avisa lanserer fredag ei ønskeliste med fem spelarar, som alle skal vere ønskte i Brann. Mellom desse er Petter Vaagan Moen frå Queens Park Rangers, Espen Børufsen frå Start og Ole Jørgen Halvorsen frå Sogndal.

Sjølv er Halvorsen ordknapp.

– Eg har høyrt at nokre klubbar skal vere interesserte, men eg veit ikkje kor konkret det er, seier han til Bergens Tidende.

Kan bli ein dyr mann i Bergen

Ole Jørgen Halvorsen gjennomførte ein svært god sesong, då Sogndal rykte opp til eliteserien i 2010. I vårsesongen i eliteserien i år stod han fram som den kanskje beste spelaren på laget - og han var den som skapte det meste som skjedde offensivt.

No kan han vere tapt for Sogndal, dersom Brann får viljen sin. Han kan samstundes bli den tredje spelaren som går frå Sogndal til Brann på kort tid: Lars Grorud og Piotr Leciejewski gjekk den same vegen etter fjorårssesongen.

Ifølgje Bergens Tidende skal Halvorsen vere aktuell som høgrekant i Brann, men har kontrakt med Sogndal i ein sesong til - og kan bli ein dyr mann for bergensarane.