- Vi har sagt unnskyld til Aabrekk

Leiinga i Sogndal Fotball har lagt seg totalt flate og seier i kveld unnskyld til Harald Aabrekk. Dermed held han fram som trenar ut sesongen.

Harald Aabrekk

SINT TRENAR: Harald Aabrekk truga i dag med å gå på dagen, om ikkje klubbleiinga rydda opp.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Styreleiar i i Sogndal Fotball, Tor Arne Ness, fortalte klokka 20.15 i kveld at dei etter lange møter, har fått Harald A. Aabrekk til å halde fram som trenar for klubben ut sesongen.

– Vi har sagt unnskyld til Harald, og reknar med at han leiar laget mot Tromsø på søndag, seier Ness til NRK.

Måtte ordna opp

I heile dag har det vore krisemøter mellom trenar Aabrekk og resten av leiinga i klubben.

I klubblokala i Sognahallen har den administrative leiinga vorte pressa inn i eit hjørne av trenaren, og dei måtte til slutte krype til korset og beklage overfor Aabrekk.

Tor Arne Ness

LA SEG FLAT: Styreleiar Tor Arne Ness og resten av Sogndal-leiinga har lagt seg totalt flate for Harald Aabrekk.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Aabrekk var rasande

Styreleiar Tor Arne Ness kom direkte frå jobbtur til Bergen til Sogndal Fotball sine lokale, og det vart han som til slutt tok støyten med å få orden i rekkene.

Aabrekk vart rasande då det kom fram at medisinsk ansvarleg i klubben, Kim Are Jacobsen og fysisk trenar Eirik Nedrehagen skulle ha fått sagt opp kontraktane sine.

Han gjekk då til dei andre i leiinga og gav klar beskjed om at han gjekk på dagen som trenar, dersom ikkje dette vart ordna opp i.

Beklagar på det sterkaste

Stillinga til Jacobsen var lyst ut på nytt utan at han sjølv visste om det. Desse to er svært sentrale i Aabrekk sitt arbeid med Sogndal, og han reagerte usedvanleg sterkt då dette vart kjend internt.

– Vi beklager at vi har foregripe begivenhetene litt med tanke på 2012, og vi har full tillit til det medisinske hjelpeapparatet i klubben, seier Tor Arne Ness til NRK.