Hopp til innhold

Kaptein-Bakke på inntektstoppen

Dei tidlegare Brann-spelarane Eirik Bakke, Cato Hansen og Nils Kenneth Udjus tronar øvst på Sogndal Fotball sin interne inntektstopp for 2010.

Eirik Bakke

INNTEKTSTOPP: Eirik Bakke tronar øvst på inntektstoppen i Sogndal sin A-stall.

Foto: Rune Fossum

Mest av dei alle tener Eirik Bakke, som i tillegg til å heve lønninga si på Brann stadion, har eigardelar i både Eias Eigedom, Lægreid hotell og Intress Sport i Sogndal.

Sjå tabell nedst i saka.

Tente tre millionar

Den tidlegare Leeds-proffen er i skattelistene for inntektsåret 2010 oppført med vel tre millionar kroner - og ei formue på vel 12 millionar kroner.

Eias Eigedom, der Bakke eig 33,3 prosent og er styremedlem, hadde ifølgje purehelp.no ein kraftig oppsving i fjor. Verksemda, som vart starta så tidleg som i 2004, driv utleige av eigen eller leigd fast eigedom. Rekneskapen viste i fjor eit resultat på 1,5 millionar kroner før skatt, mot 300 000 kroner i minus året før.

Medeigar i verksemda er tidlegare sogndalspelar, Asle Hillestad.

Butikk går bra

Bakke, Stig Nord og Reidar Gaute Dvergedal eig 33,3 prosent kvar i sports- og fritidsbutikken Intress Sport. Verksemda auka i fjor driftsinntektene med 11 prosent, og landa på eit resultat før skatt på 397 000 kroner. Dette var ein god del mindre enn året før då tilsvarande tal var nær ein million kroner.

Verksemda, som vart starta opp i 2008, styrka eigenkapitalen med 300 000 kroner, frå vel 2,8 millionar kroner i 2008.

Bakke sin eigardel i Lægreid hotell er 17,54 prosent.

P.S. Årets comet i Sogndal-trøya, Ørjan Hopen, er å finne langt nede på den interne inntektstoppen for fylket sitt flaggskip i fotball.

Dette tente sogndalspelarane i 2010

Spelar

Alder

Inntekt

Formue

Skatt

Kommune

Eirik Bakke

34

3091456

12451443

1563829

Bergen

Cato Hansen

23

827246

169748

330699

Bergen

Nils Kenneth Udjus

28

578,999

0

235629

Bergen

Ahyee Aye Elvis

27

431908

0

155057

Sogndal

Ole Jørgen Halvorsen

24

372259

0

129316

Sarpsborg

Espen Næss Lund

26

346095

0

120925

Tønsberg

Joakim Rudolfsen

23

311833

431

105513

Rana

Per Egil Flo

22

284422

30851

95925

Stryn

Even Hovland

22

281667

225956

95053

Høyanger

Mats Solheim

23

246532

352905

82034

Stryn

Vegar Gjermundstad

21

229564

179884

76537

Høyanger

Henrik Furebotn

25

227644

0

78827

Årdal

Barry Kader

25

174571

0

58499

Sogndal

Joseph Bendik

22

171337

25877

56221

Sogndal

Ulrik Flo

23

142452

0

48812

Stryn

Isak Scheel

21

94313

5451

30423

Oslo

Ørjan Hopen

19

70980

0

16735

Sogndal

Thomas Eriksen Ness

20

23944

4024

3723

Sogndal

Eivind Daniel Røed

19

0

127250

8345

Eid

Gustav Valsvik

18

0

0

0

Vik

Tore Andre Flo

38

0

0

0

Oslo

Ruben Holsæter

20

0

0

0

Førde

Taijo Teniste

23

0

0

0

Estland

Tonny Brockmann Christensen

22

0

0

0

Danmark

Ekspander/minimer faktaboks