Hopp til innhold

Draumen om 1. divisjon brast for Jotun

Med 30-21-tap mot Gjerpen er draumen om 1. divisjon knust med eit brak for Jotun-damene.

Jotun

KJEMPA: Trenar Olafur Sveinsson gir råd til Marianne Stedje Øren (t.v.) og Malin Øyre.

Foto: Siren B. Svortevik

Jotun-jentene klamra seg til eit halmstrå då dei i går tapte mot Volda, men slo Bravo.

Dermed måtte dei vinne i kampen mot Gjerpen søndag, men slik gjekk det altså ikkje.

Gjerpen storspelte i delar av kampen, og sjølv om Jotun tidvis ikkje låg altfor mange måla etter, heldt Gjerpen stand og drog i frå på slutten.

Var ein tung, tung dag

– Det var tungt i dag, stadfestar sportsleg leiar i Jotun, Torstein Kvam.

Eit hardt pressa Jotun-lag fekk til fulle merke at dei ikkje har ein veldig stor stall å spele på. Difor vart også belastninga på den einskilde spelar stor, kanskje for stor.

– Vi hengde med dei første 15 minutta, men så hadde vi ikkje sjanse. Jentene var slitne. Vi har sju-åtte spelarar som må gå heile tida, og det blir ikkje bra nok, seier Kvam.

(Artikkelen held fram under biletet)

Malin Øyre, Kristine Lindborg

SKUFFA: F.v. Malin Øyre og Kristine Lindborg.

Foto: Siren B. Svortevik

Heller i toppen av 2. enn i botn av 1.

Kvam peikar på at når den verste skuffelsen har lagt seg, er det ikkje til å stikke under stol at det er langt kjekkare å vere i toppen av 2. divisjon enn å slåst for livet i botn av 1. divisjon.

Hadde laget rykt opp, måtte dei ha lagt ut på ei omfattande jakt på fleire gode spelarar.

– Og det er ikkje gjort i ei handvending å få gode handballspelarar til å flytte til Årdal på flekken, seier Kvam.

Blir vanskelegare å rykkje opp neste år

Men han innrømmer at skuffelsen framleis svir litt, sjølv om han prøver å sjå litt pragmatisk på det.

– Jentene hadde så veldig lyst, og dei har jobba hardt. Vi har jo vore der tre gonger før, så det er lett å forstå at ein har lyst oppatt, seier Kvam.

Han er klar på at sjølv om det skulle by seg nye moglegheiter for opprykk neste år, er det eit langt smalare nålauge å komme gjennom.

– På grunn av nye reglar er det berre to lag som rykkjer opp neste år, og det er langt tøffare enn det var i år, seier Kvam.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kristine Lindborg

VILLE SÅ GJERNE: Jotunjentene er langt nede etter at opprykksdraumen brast. Her Kristine Lindborg i aksjon.

Foto: Siren B. Svortevik

Skal bli godt å komme heim

Jotun-kaptein Marianne Stedje Øren legg ikkje skjul på at ho er frykteleg skuffa.

– Nett no er eg langt nede. Det vil ta litt tid å komme over dette, kjenner eg. Vi ville så innmari gjerne opp og det er dette vi har jobba mot heile sesongen, seier Øren.

At det har vore ei tøff helg merkast godt.

– Vi er ein liten stall, og det får vi kjenne på med så mange tøffe kampar. Vi får bruke litt tid på å komme over dette, før vi gjer oss klar til ein ny sesong, seier Øren.