Dermed er det framleis håp i hangande snøre for at årdølene kan få billett til spel i 1. divisjon. Gjerpen er siste hinder på vegen søndag klokka 12.00.
– I første kampen hadde vi eit skikkeleg magaplask. Vi hadde årets dårlegaste kamp, medan Volda hadde sin årsbeste, seier sportsleg leiar Torstein Kvam om det bitre tapet der Volda vann 36-20, og dermed er sikra direkte opprykk til 1. divisjon.
Jotun er i helga i Tromsdalshallen for å kvalifisere seg til spel i 1. divisjon. Hadde dei vunne begge kampane laurdag, hadde saka vore biff.
Men med kjempetap mot Volda, var det jenter som hadde kniven på strupen som møtte arrangørlaget Bravo til dyst laurdag kveld.
- LES OGSÅ:
Trenaren tende gnisten i jentene
– Jentene var langt nede etter kampen mot Volda, men Olli (trenar Olafur Sveinsson) er utruleg flink til å motivere, seier Kvam.
Og det hjelpte tydelegvis, for det var eit langt meir tent Jotun-lag som kom på bana mot Bravo. Men motstand fekk dei, heilt til siste slutt.
– Då vi låg under med seks mål så trudde eg heilt ærleg ikkje at det kom til å gå. Men dei vart godt gira, og det var utruleg kjekt å sjå dei reise seg slik. På slutten hadde dei god kontroll, seier Kvam.
- LES OGSÅ:
Trur Gjerpen vert tøffe
Rælingen og Volda har med sin innsats i dag sikra seg 1. divisjonsspel. I morgon møte Jotun Gjerpen, og det vert heller ingen dans på roser.
– Klarar vi å få opp tempo så har vi ein sjanse. Gjerpen er eit litt tungt lag, men dei har gode skyttarar og er eit jamnt godt lag, seier Kvam.
Fleire av jentene sleit med krampe under dagens kampar, og Kvam legg ikkje skjul på at spelarstallen er tynn.
– Gjerpen har ein breiare stall enn oss, dei er høge og dei er gode. Men ingenting er avgjort før i morgon, og vi går for siger. Jentene er gira og dei har lyst opp, seier Kvam.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Må hente spelarar
Den sportslege leiaren er klar på at dersom opprykket går i boks søndag, må Jotun på spelarjakt.
– Vi må hente spelarar, men det skal vi klare. Vi må først og fremst jobbe i nærmiljøet, for det finst mange spelarar i fylket som er gode. Men først må opprykket på plass, seier Kvam.