Hopp til innhold

Dette trur Jotun-spelarane om kvalik-kampen

Jotun-kaptein Marianne Stedje Øren og Heida Arsenault ladar opp til helgas kvalifiseringskampar. Då står nemleg slaget om billett til 1. divisjon.

Created by InfoDispatcher

Sjå Heida Arsenault intervjue sin eigen kaptein Marianne Stedje Øren om forventingane til helgas kamp. Foto: Vegard Tjørhom

– Det er litt både- og. Eg håpar at vi vinn, men alle vi skal møte er gode, seier Øren.

Ho trur laget er klart for opprykk, men er klar på at livet i 1. divisjon er annleis enn i 2.

– Det blir tøffare viss vi rykkjer opp, men tida vil vise, seier Øren.

Håpar på ei god turnering

Jotun drøymde lenge om å få rykkje opp på heimebane, men det vart med draumen. I staden må dei i helga saman med fire andre lag frå Sør-Norge ta turen nordover til Tromsdalshallen der Bravo er arrangør av kvalifiseringa.

Og det er nettopp Bravo og Volda som er laga som må i kne for at Jotun-jentene skal kunne juble høgt for ein sterkt ønska retur til 1. divisjon.

– Forventningane er at jentene presterer og gjer to gode kampar, slik at vi klarar opprykket. Ut over det skal vi ha det kjekt og gjere ei god turnering, seier sportsleg leiar Torstein Kvam.

Han hadde på førehand peika ut Bravo som eitt av dei enklare laga å møte, og meiner at også Volda skal vere mogleg å slå. Men det er eit ungt lag som no kjempar for å klatre i divisjonane.

– Vi hadde for mange utlendingar på laget i fjor, og det gir dårleg klubbkjensle i laget. No har vi ni jenter frå Årdal, ei frå Leikanger, ei frå Ungarn og ei frå Polen. Det er kjekt å ha fått inn veldig mange ungjenter, og Olli har gjort ein kjempejobb, seier Kvam.

Må forsterkje stallen ved opprykk

Han legg til at han trur dette er hovudgrunnen til at laget har prestert godt i år.

– Vi har gjort ein god 2. divisjon og berre tapt eitt poeng. Dette har vore ein kjekk sesong uansett korleis det går i Tromsø, seier Kvam.

– Er ungjentene klare for å rykkje opp?

– Det er eg ikkje sikker på. Vi må nok ut og få oss ein breiare stall enn det vi har i dag dersom vi klarar opprykket, seier Kvam.

Må prestere sitt beste

Trenar Olafur Sveinsson peikar på at det viktigaste er å ha det kjekt og gjere så godt ein kan. Då kan det fort gå vegen.

– Først og fremst ventar eg at vi gjer vårt beste. Vi skal i utgangspunktet ha like gode moglegheiter som dei andre laga. Vi må berre ha det kjekt og prestere, seier Sveinsson.

Han trur det blir opprykk dersom Jotun presterer så godt som dei berre kan.

– Viss ting går rette vegen kan det bli stor glede laurdag kveld eller søndag føremiddag, seier Sveinsson.

Jotun skal møte Bravo frå Tromsø og Volda, og trenaren trur dei er godt budde, trass i at dei ikkje har gjort noko spesielt før kvalikhelga.

– Vi gjer det vi alltid har gjort, står på jamnt og trutt. No får vi sjå kva som skjer, seier Sveinsson.