Hopp til innhold

Minister sa nei til gruvedrift - innbyggjarar feira med fiskekaker

Miljøverndepartementet sitt førebelse nei til gruvedrift og fjorddeponi i Vevring vart feira med knasking av fiskekaker i Vevring. For mange er dette svaret dei har venta lenge på.

Miljøverndepartementet seier førebels nei til gruvedrift i Vevring i Naustdal.
Bygdefolket jublar medan kommuneleiinga fortvilar...

– Dette er det kjekkaste eg har høyrt på år og dag, seier fiskar Olav Thingnes.

Han har akkurat drege opp garn frå Førdefjorden, ein fjord mange har frykta skulle bli øydelagt om det vart gitt løyve til gruvedrift i Engebøfjellet.

– Vi har gått på vent her på grunn av desse planane, men det er godt å høyre at det er litt fornuft att, jublar fiskaren onsdag ettermiddag.

Minister vil vite meir om konsekvensane

Det er fem år sidan utgreiingane av gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal starta. I halvanna år har søknaden frå Nordic Mining lege på bordet til Miljøverndepartementet, og i dag kom altså svaret.

Nordic Mining vil utvinne mineralet rutil i Engebøfjellet, planar som også vil innebere at store mengder overskotsmasse blir dumpa i fjorden. Spesielt planane om fjorddeponi har gjort at mange har vore kritiske og frykta for følgjene for miljøet i fjorden.

Uvissa om følgjene av eit fjorddeponi er hovudårsaka til at miljøvernminister Bård Vegar Solhjell no har sagt nei.

– Det er betydeleg kunnskapsmangel. Det er for stor uvisse om mogleg spreiing av massar. Difor seier vi til selskapet Nordic Mining og Naustdal kommune at dei må skaffe meir informasjon.

Når denne er på plass vil Miljøverndepartementet sjå på saka på ny lovar ministeren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Olav Thingnes
Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Overtydd om at fjorden hadde blitt øydelagt

Olav Thingnes som har fiska i Førdefjorden sidan han var liten gut er glad for at departementet førebels har sett foten ned. Han er overtydd om at fjorden vil bli øydelagt om det blir gruvedrift.

– Det vil øydelegge livet på fjorden, det er det ikkje tvil om.

– Eg har brukt fjorden i snart 60 år. Når du ser stormane og korleis dei jagar overflatevatn innover fjorden, og det som ligg under blir pressa ut, så vil det ta med seg det som ligg under. Ligg det ein haug med sand der så vil den ta med seg det, seier Thingnes.

Feira med fiskekaker

På butikken i Vevring har fleire innbyggjarar samla seg til ei spontan feiring av avgjerda frå departementet. Blant dei er Hanna Louise Thingnes. Når NRK møter ho og dei andre står dei og knaskar på fiskekaker.

– Vi feirar med fiskekaker at Miljøverndepartementet har sett at denne saka ikkje er godt nok konsekvensutgreidd.

I hastverket har dei ikkje fått tida til å få på plass heimelaga fiskekaker med fisk frå fjorden, men med Solhjell sitt nei kan dei halde fram å nytte ressursar henta frå nærmiljøet.

– Vi er vande med hente ressursar frå fjorden, bruke dei og lage fiskekaker sjølv, seier ho glad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hanna Louise Thingnes
Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Vil heller behalde eksisterande arbeidsplassar

Det førebelse avslaget frå departementet blir møtt med litt blanda kjensler, men i hovudsak er dei som har møtt fram glade.

– På ein måte blir det endå lenger tid for oss å vente, det har gått mange år. Men på den andre sida er det riktig at det skjer, vi veit at denne saka ikkje er godt nok utgreidd, seier Hanna Louise Thingnes til NRK.no.

Mange av dei som har kjempa for at Nordic Mining skal få drive gruve i Engebøfjellet har argumentert med dei mange arbeidsplassane dette kan gje i området. Ein rapport frå SINTEF viser at det kan bli over 300 arbeidsplassar tilknytt mineralindustrien i Vevring.

Hanna Louise Thingnes meiner det ikkje er behov for dei.

– Kor stor arbeidsløyse er det i Naustdal eller i Sogn og Fjordane? Det finst ikkje. Eg trur ikkje vi treng desse arbeidsplassane.

I staden er ho redd for kva arbeidsplassar som kan forsvinne om departementet seinare vel å seie ja.

– Det er mange arbeidsplassar som vil forsvinne om dette kjem. Turistnæringa, fiskeoppdrettsnæringa for å nemne noko. Det har ikkje rekna på kva som kjem til å skje både her i kommunen og i andre kommunar i området om det kjem gruvedrift, er den klare beskjeden frå gruvemotstandaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Innbyggjarar i Vevring feira gruve-nei med fiskekaker
Foto: Terje Gilleshammer / NRK

– Vi er blitt høyrde

Ein annan som har kjempa hardt og lenge imot gruveplanane er SV sin kommunestyrerepresentant i Naustdal, Ole Erik Thingnes. Han var også raskt på plass då avgjerda om eit førebels nei til planane vart kjent.

– SV i Naustdal, i Sogn og Fjordane og for så vidt sentralt har kjempa milløpet, folket og eksisterande næringar si sak. No har vi blitt høyrde, seier han.

Han seier kravet frå SV heile vegen har vore fleire utgreiingar, og når det er nettopp dette departementet vil ha er det ei svært god nyheit.

– Vi har kravd at miljøet må takast vare på, og at føre-var-prinsippet må brukast når ein ikkje har gode nok svar, seier SV-politikaren.

– Er dette ein siger for SV?

– Siger og siger. Førebels er vi blitt høyrde, det kan vere ein siger i seg sjølv. Men no må vi berre brette opp armane og kjempe vidare, seier Thingnes.