Hopp til innhold

Slit med slunken pengekasse

Nordic Mining slit med slunken pengekasse og har no gjort grep for å sikre at dei har meir pengar på bok.

Engebøfjellet og Ivar S. Fossum

MEIR PENGAR: Ivar Fossum og Nordic Mining har gjort ein emisjon for å sikre selskapet meir pengar.

Foto: Fotomontasje

Selskapet har venta lenge på løyve til å starte opp med gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal.

Direktør Ivar Fossum vedgår at selskapet har bruk for meir finansiering. Nyleg gjorde selskap ein retta emisjon. Det betyr at aksjonærar får kjøpe fleire aksjar for å skaffe verksemda meir pengar.

– Kassen vår har på ein måte aldri vore veldig stor, og det er heilt naturleg så lenge vi ikkje er i ein byggefase. Vi treng jamleg finansiering, seier Fossum til NRK.no.

Får ikkje svar på omstridde planar

Nordic Mining vil utvinne mineralet rutil i Engebøfjellet, men ventar framleis på svar om dei får lov til å gjere det.

Planane er omstridde, spesielt fordi dei også betyr eit deponi i Førdefjorden der store mengder overskotsmasse skal dumpast.

Sterke krefter i både miljørørsla og Havforskingsinstituttet fryktar at fjorden skal bli kraftig forureina og meiner ein ikkje kan gje grønt lys for planane.

I over eitt og eit halvt år har miljøvernministeren hatt saka på bordet, men seinast for nokre veker sidan meldte departementet at dei ikkje veit når ei avgjerd kjem.

Tidlegare har Fossum sagt at det går ei grense for kor lenge dei kan vente.

Håpar politikarane ser moglegheitene

Fossum ventar framleis utolmodig på eit svar.

– Det er klart ei utfordring.

– Men samtidig veit vi at vi har fantastisk spennande prosjekt, og vi håpar på vegner av Norge, av Sogn og Fjordane og våre eigne aksjonærar at politikarane ser dei fantastiske moglegheitene som ligg i mellom anna Engebøfjellet.

Fossum seier gruvedrift på sikt kan skaffe 500 nye arbeidsplassar.

– Sett i lys av alt som blir sagt om kor avhengige Norge er av olje, så kan eg ikkje skjønne kva som eigentleg er viktigare, seier han om arbeidsplassane som vil kome Fastlands-Norge til gode.

Seks millionar kroner

Emisjonen som vart gjort tysdag fekk inn litt over seks millionar kroner, det er mindre enn Fossum hadde håpa på.

Seinare skal det blir gjort ein ny emisjon inn mot dagens aksjonærar.

– Akkurat no er det ein krevjande kapitalmarknad.