Hopp til innhold

Ventar fleire influensatilfelle

Fleire har vore innlagt på sjukehus med det som kan vere svineinfluensa.

Reidar Hjetland

UVISST: - Det er framleis uvisst om dei som har vore innlagt på sjukehus i fylket har hatt svineinfluensa, seier mikrobiolog Reidar Hjetland.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Så vidt vi veit her i fylket har det vore ein del tilfelle av influensa der folk har blitt innlagt på sjukehus. Vi kan enno ikkje seie sikkert om dei har hatt svineinfluensa for vi har ikkje fått svar på alle prøvene, fortel overlege på mikrobiologiskavdeling på Førde sentralsjukehus, Reidar Hjetland.

Har vore alvorleg
Svineinfluensavaksine

FRAMLEIS MOGLEG. Det er framleis mogleg å få vaksine mot influensaen.

Foto: JEAN-PIERRE MULLER / AFP

- Kor alvorleg har tilfella av svineinfluensaen vore her?

- Nokre av dei som har vore sjuke har vore innlagt på sjukehus og då er det ganske alvorleg. Men slik eg kjenner sakene har det ikkje vore dramatisk.

I Sogn og Fjordane har dei som har vorte innlagt vore i ulike aldrar.

På sjukehuset Ahus i Oslo har dei registrert 72 tilfelle av svineinfluensa hos pasientar, og seinast nyttårsaftan vart to personar innlagt med symptom på H1N1 viruset som det vert kalla.

Kan råke hardt

- Vi skal ikkje bagatelisere slike alvorlege tilfelle som vi har sett på nyheitene på austlandet. Svineinfluensa kan av og til råke enkeltpersonar veldig hardt.

Fleire har lege med influensa gjennom jula og mikrobiologen trur fleire vil bli sjuke.

- Som sagt kan det råke enkelte hardt, og influensasesongen har akkurat begynt. Dei neste vekene vil vi sjå toppen av sesongen. Og det kan godt hende at det er svineinfluensaen som råkar flest i år, seier Hjetland.

Kan ta vaksine

MIKOBIOLOGISK LAB SVINEINFLUENSA

72 INNLAGTE: Tysdag kveld er det registrert 72 pasientar på sjukehus med svineinfluensa i Oslo.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Svineinfluensaen dukka opp i 2009 og då vart det kalla ein pandemi. Det nye viruset gjorde mange sjuke og det var spesielt born og unge som vart råka. Sidan har det vore ein del av det som vert kalla sesonginfluensa.

Folkehelseinstituttet har gått ut med ei liste over folk som bør vaksinere seg mot svineinfluensaviruset.

- På lista er det eldre over 65 år, gravide, kronisk lunge og hjartesjuke, dei som har sukkersjukdom og dei som er sterkt overvektige, fortel legen.

Ingen grunn til uro

Og for dei som enno ikkje har teke vaksine og som er i risikogruppene er det ikkje forseint.

- Det er framleis mogleg å få vaksine mot viruset, seier Hjetland.

- Er det grunn til uro for influensaen i fylket?

- Viruset har etblert seg som eit av fleire influensavirus og det vil nok halde fram som ein sesonginfluensa. Dette er ein vanleg influensa og for dei aller fleste er det faktisk ein mild influensavariant.

- Vis omsyn

- Bør andre enn dei i risikogruppene vaksinere seg no?

- Nei, ein risikerer å få influensa, men dei aller fleste vil takle det greitt.

Og mikrobiologen har nokre tips på vegen til dei som er influensasjuke.

- Vis omsyn til andre, ikkje host på andre og vask hendene nøye.