Hopp til innhold

Hjelp til å forstå nordisk språk

Den danske forfattaren Lise Bidstrup er på besøk i Noreg. Grunnen er at elevar skal få hjelp til å betre forstå dei nordiske språka.

Den danske forfattaren Lise Bidstrup er på besøk i Norge. Ho er innom fleire skular i distriktet for å lese. Grunnen er at elevar skal få hjelp til å bedre forstå dei nordiske språka. 6.klassingane ved Spjekavik skule måtte nok konsentrere seg litt ekstra i dag.

Ved Spjelkavik skule måtte 6.-klassingane konsentrere seg litt ekstra.

Onsdag var ho innom Spjelkavik skule, der 6.-klassingane måtte konsentrere seg litt ekstra under høgtlesinga.

For dansk er ikkje enkelt å forstå, sjølv om forfattar Lise Bidstrup prata både forståelege og tydeleg – på dansk.

– Noko forstod eg, men ikkje alt. Det er litt vanskeleg og litt lett. Det er lettast når ein les sjølv, meinte Maria Elise Torvik Kjøs, éin av elevane i 6. klassen.

Saka held fram under bildet.

Gutta

Leander Myklebust Vestre og Emil Trengereid Larsen syntest dansk språk var svært vanskeleg å forstå muntleg.

Foto: Øyvind Sæbjørnsen / NRK

– Veldig vanskeleg

For Leander Myklebust Vestre og Emil Trengereid Larsen, var det danske språket ikkje lett å forstå.

– Ja, det var veldig vanskeleg, nikka dei to gutane om kapp.

– Det er ikkje eit veldig lett språk, meinte Leander og Emil.

Og akkurat det er ein stor del av grunnen til Bidstrup-besøket: Unge elevar får hjelp til å forstå dei nordiske språka.

Greta Herje

Greta Herje likte at den danske forfattaren tok turen innom skulen.

Foto: Øyvind Sæbjørnsen / NRK

Fornøgd rektor

Rektor ved Spjelkavik skule, Greta Herje, likte godt at Bidstrup tok turen innom.

– Borna her reiser mykje til både Danmark og Sverige, våre nærmast naboland.

– Det å forstå kva dei seier der er det viktigaste utgangspunktet for venskap. Er det ikkje?, spør Herje borna.

– Ja-a, får ho unisont frå borna.

Saka held fram under bildet.

Lise Bidstrup

Den danske forfattaren Lise Bidstrup både las og forklarte med mykje iver og lyst.

Foto: Øyvind Sæbjørnsen / NRK

– Imponerande

For forfattaren sjølv, Lise Bidstrup, var besøket òg spennande.

– Dei eldre ungdommane har vanskelegare med å forstå enn dei yngre. Det er imponerande, meiner ho.

Ho las både frå eigne bøker, men ikkje minst fortalte ho om forfattargjerninga.

– Det uvanlege med mitt arbeid, er at når eg loggar av PC-en, så tenkjer eg mykje på kva eg skriv om, sa ho mellom anna til elevane.

Maria Elise Torvik Kjøs

Maria Elise Torvik Kjøs syntest forfattarbesøket var inspirerande.

Foto: Øyvind Sæbjørnsen / NRK

Forfattar og fotballspelar

Og skrivegleda til Bidstrup smitta litt over.

– Ja, eg har lyst til å bli forfattar sjølv. Det er kjekt å lese og skrive, og då er det kjekt å vere forfattar, trudde Maria Elise Torvik Kjøs.

– Eg vil ikkje bli forfattar!, sa Emil Trengreid Larsen.

– Kvifor ikkje?

– Eg vil ikkje skrive. Det er kjedeleg. Eg vil heller bli fotballspelar, gliste 6.-klassingen.

– Der har du hans hobby, avslutta kompis Leander Myklebust Vestre halvtørt frå sida.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL