Hopp til innhold

Bjørnejegerane er no i aksjon

Ifølgje Åndalsnes Avis er bjørnen i Isfjorden tilbake. To turgåarar skal ha observert bjørnen i fullt firsprang bak ein livredd saueflokk.

Brunbjørn

Det er ikkje denne bjørnen, men ein liknande bjørn er observert – igjen – i Isfjorden.

Foto: ELOY ALONSO / REUTERS

Ole Morstøl

Bonde Ole Morstøl mista eit titals sauer for nokre veker sidan. No kan bjørnen vere observert på ny.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

For nokre veker sidan gjekk ein bjørn fullstendig berserk på sauene i Isfjorden i Rauma. I kveld starta bjørnejakta.

I førre veke gav derimot både fellingslaget i Rauma og fellingslaget på Nesset opp jakta, i den tru på at bjørnen hadde forsvunne.

For ingen hadde sett nye teikn til bjørnen, etter dei tosifra sauekadavera som blei funne.

No har derimot to fjellgåarar observert bjørnen igjen, melder Åndalsnes Avis.

– Det er uklårt om bjørnen har vore i området heile tida, eller om den har kome tilbake no, seier rovviltkontakt Rune Horvli.

Saka held fram under bildet.

Område der sauene døydde

I dette området skal bjørnen ha slått seg laus for nokre veker tilbake.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Skal ha jaga ein saueflokk i dag

For tidlegare i dag kom det meldingar om at bjørnen skal ha jaga ein saueflokk i området Lillehesten – Storehesten. Det skal vere nær skianlegget i Isfjorden.

Bjørnen var like bak saueflokken, og ifølgje vitneobservasjonen som blei gjort på berre 100 meters avstand.

Fellingsløyvet på bjørnen er eigentleg utgått, men Horvli fortel at Fylkesmannen skal ha gjeve nytt løyve muntleg på telefon.

– Vi ber publikum om å halde seg på avstand. Vi kan ikkje nekte nokon å ferdast i området, men vi har ei moglegheit til å få tak i bjørnen no.

– Derfor oppfordrar vi til så lite trafikk som mogleg i området, seier Horvli til Åndalsnes Avis.

Jaktlaget i Rauma fortel at dei blei varsla like over klokka 14.00, og at bjørnejakta no er i gong igjen.

Rovviltkontakt Horvli fortel at spesialtrent hund og hundeførar er på veg frå Selbu til Rauma. Dei vil vere i Isfjorden tidlegast klokka 19.00.

Sauekadaver i isfjorden

Her ser ein eitt av sauekadavera som blei funne for nokre veker tilbake.