Hopp til innhold

Den flytande ambulansen i Ålesund

Den flunkande nye redningsskøyta vil fungere som ein flytande ambulanse. «Eyr Ytterholmen» vart henta frå verftet for berre to dagar sidan.

Redningsskøyte EYR YTTERHOLMEN

Redningsskøyta «Eyr Ytterholmen» er flunkande ny. Båten vart henta frå verftet for berre to dagar sidan.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Johan Petersen

Styrmann Johan Petersen miner at den nye redningsskøyta er godt eigna til sitt føremål.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK
Johan Petersen og Thomas Olsen

Styrmann Johan Petersen og skipsførar Thomas Olsen skal gå med båten til Helgeland.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Det nye fartøyet er lettare og raskare enn dei fleste ordinære redningsskøytene. I tillegg er den svært miljøvennleg sett opp mot dagens fartøy. Fokuset ligg på rask transport.

– Den vesentlege forskjellen frå ei vanleg redningsskøyte er at dette er ein ambulanse. Fokuset er at det skal vere ein profesjonell sjukelugar på same måte som ein ambulanse på land, fortel styrmann Johan Petersen.

LES OGSÅ:

Inne i den romslege sjukelugaren skal ein kunne finne det meste av medisinsk utstyr, og ambulansearbeiderane skal klare å behandle pasientar. Førebels er skapa tomme, men den moderne båra er på plass.

Første i sitt slag

Det er første gongen at redningsselskapa har bygd eit spesialfartøy som skal vere reine ambulansar. Trass i at redningsskøytar til tider fraktar sjuke og skadde.

– Akkurat denne båten, og dei to neste som er under bygging, vil vere reine ambulansebåtar og drivast annleis enn dei vanlege redningsskøytene. Desse er for sjuke- og ambulansetransport, seier styrmannen om bord.

«Eyr Ytterholmen» har spesialutstyr og ei anordning som skal gjere det enklare å få folk opp og ned i båten.

Den lokale bedrifta J. Weiberg Gulliksen AS er leverandøren til maskineriet i skøyta. Dei har levert Volvo-maskinene og det spesielle propellanlegget i fartøyet.

Artikkelen fortsett under biletet.

Johan Petersen og Thomas Olsen

Styrmann Johan Petersen og skipsførar Thomas Olsen beundrar den nye anordninga som skal få folk opp og ned i båten. Dette er god hjelp ved høgdeforskjellar til enten andre båtar eller land.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Viktig for kysten

– Redningsskøyta er ein berebjelke for mange som har med kysten å gjere. Både for fiskarar og fritidsfolk. Utan redningsskøyta hadde det vore vanskeleg å fått hjelp på sjøen på same måten, seier Petersen.

LES OGSÅ:

Fartøyet er produsert ved Brødrene Aa i Hyen i Nordfjord. «Eyr Ytterholmen» vart ferdig på verftet for to dagar sidan, og er no på veg til Helgeland. Der skal fartøyet fungere som ambulansebåt for sjukehuset.

– Båtens ser veldig skikkeleg ut, og er eigna til formålet. Den er god for miljøet, og bruker lite drivstoff til farten å vere. «Eyr Ytterholmen» verkar som et godt verktøy til det den skal gjøre, avsluttar styrmann Petersen.