Det er både offisielle og private målingar som viser at det er varmt i Møre og Romsdal tysdag.
Har du opplevd spesielle verfenomen, som for eksempel høge temperaturar i det siste? Skriv om det i kommentarfeltet under artikkelen.
Dette er dei offisielle målingane som blei lest opp i morgonsendinga til NRK Møre og Romsdal:
- Ørsta 17 grader
- Sunndalsøra 16,9 grader
- Ålesund 17 grader
- Fiskå 14 grader
- Kristiansund 12 grader
- Åndalsnes 12 grader
- Molde 11 grader
- Surnadal 10 grader
19 grader på Fiskarstranda
I løpet av morgonsendinga til NRK Møre og Romsdal strøymde det inn med tekstmeldingar om høge morgontemperaturar.
– Det er 19 grader på Fiskarstranda i Sula, heiter det i ei av tekstmeldingane.
– På Godøya er det no ca. 14 grader, men det var oppe i 16 grader klokka 06.00, står det i ei anna.
Nokre av innsendarane dreg parallellar til korleis temperaturen var i sommar. Då var det langt kaldare på mørekysten.
– Det er 15,1 1. november 2011 i Samfjorden ved jubileumstettstaden Brattvåg no klokka 06.15, mot 5,1 den 13. juli. Flott!, skriv Per-Jarle Bjørlykke.
- Les også: Varm novembernatt
– Varm luft frå Middelhavet
Vakthavande meteorolog ved vêrvarslinga i Bergen stadfester at det har vore svært varmt. Han forklarar dei høge temperaturane med vindar frå Middelhavet.
– Det har vore veldig varmt i natt. Av dei offisielle temperaturane ligg Tafjord øvst med 18 grader. Dette er jo varmt for å vere i november, seier meteorolog Geir Ottar Fagerli.
– Kva er årsaka til denne varmen?
– Dette er mild luft som kjem heilt nede frå Middelhavet. Vi har hatt eit høgtrykk i aust som blokkerer for eit lågtrykk i vest. Mellom desse to trykksystema blir det sett opp ein sørleg luftstraum. Denne pumpar nordover luft frå Middelhavet. Dermed blir det temparaturar som ikkje er normale i november, seier Fagerli.
– Dette tåler vi
Meldingane har også strøymt inn på Facebook-sida til NRK Møre og Romsdal. Alle ser ut til å gle seg over dei høge temperaturane.
Ein av dei som har målt temperaturen er lensmannen i Ørsta, Guttorm Hagen. Og når ordensmakta sender inn ei temperaturmåling, må vi tru ho er godt kvalitetssikra.
– Det er 16,7 i Hagen i Ørsta. I går kveld var temperaturen oppe i 17,3 skriv Guttorm Hagen.
– Dette tåler vi nok. Det er kjekkare å kjøre kabriolet utan Helly Hansen-klede, skriv Jarle Støyva.
– Eg registrerer at temperaturen har vore oppe i 16,9 også i Søvika i Haram, skriv Edna Søviknes, og får støtte av Eva Rogne.
– Det går mot en ny vår, skriv Torgerd Sandøy.
Noen av skribentane lurer på om det er resultat av global oppvarming i ser nå.
– Dei fekk rett, fjøsnissane i Naturvernforbundet. Dette er global oppvarming, skriv Øystein Eide og legg til: Dersom det held seg slik ut april er vi berga.