Hopp til innhold

Ingen garanti for låg el-pris

Straumprisen i vinter kan vere heilt avhengig av at svenske kjernekraftverk går for fullt. I dag er seks av 10 kjernekraftverk ute av funksjon og ingen veit når dei kjem i drift att.

Lese av strømmåler

Kanskje ikkje så spennande å lese av måleren komande vinter..

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Fulle kraftmagasin gir ingen garantiar for låge straumprisar i vinter, seier leiar for kraftberedskapen i fylket, Svein Rødal.

Svein Rødal i Istad Nett

Svein Rødal er langt meir optimist no enn i dei to-tre siste åra.

Foto: Picasa 2.7

- Spesielt dei to siste åra har vi sett at vi har vore svært avhengige av svensk kjernekraft. Vinter og vår i fjor stod mykje av denne kraftindustrien noko som førte til skyhøge prisar og usikker straumforsyning. Sist vinter var kjernekrafta på lufta igjen, vi hadde også då vanskelege forsyningstilhøve, men prisane var lågere enn året før.

Inngangen til vinteren 2011 var at vasstanden i magasina var veldig lav, men tidleg snøsmelting og fint vårver hjelpte på, seier Rødal.

- Akkurat no er situasjonen svært bra. Dersom kjernekrafta kjem på igjen i god tid før jul og vi ikkje får nokon ekstrem-vinter, så ser eg ikkje bort frå at vi får brukbare forhold både når det gjeld pris og forsyning.

Lavere strømpriser

Mange strevar med straumrekninga

Vert nedringt av straumkundar

Krafleverandørane tok ansvar

Rødal meiner at kraftleverandørane i vår region tok ansvar frå jauar og utover. I følgje rapportane dei sende ut kvar veke heldt alle kraftprodusentar i Midt-Noreg igjen vatn slik at vi skulle ha straum til snøsmeltinga starta.

- Likevel er det heilt umogleg å love låge straumprisar no. I ein normal situasjon har vi forholdsvis høge prisar og vi har ein rosyningssituasjon som egentlig er på grensa til det forsvarlege. Så det skal veldig lite til før vi får ein situasjon som vi ikkje ønskjer.

Rødal seier likevel at han er mykje meir optimistisk no enn han har vore dei to-tre siste åra.