Guten blei funnen forfrosen og livlaus utanfor heimen sin i Stordal på Sunnmøre onsdag ettermiddag.
Ifølgje
fekk AMK-sentralen i Ålesund melding om hendinga rundt klokka 16.30. Det blei då sendt ut ambulansehelikopter og guten blei frakta til St.Olav i Trondheim.Tilstanden er kritisk og skadane svært alvorlege. Det opplyser sjukehuset i ei pressemelding klokka 19.30 onsdag kveld.
Sendt til St.Olavs
Vakthavande lege, William Indrevåg i Stordal kommune, seier til NRK at då han kom til staden var guten sterkt nedkjølt.
- Eg kom dit etter at ambulansehelikopteret hadde landa. Det var då mistanke om at guten hadde fått hjartestans. Etter berre to kompresjonar byrja hjartet å slå.
- Guten blei flogen med helikopter først mot Ålesund, så snudde dei og drog til St.Olav, fortel Indrevåg.
Der får han behandling på intensiv avdeling.
Sjukehuset opplyser også at guten sine pårørane er varsla. Ifølgje
er foreldra hans saman med han på sjukehuset.Det er kaldt i Stordal i kveld. Temperaturen klokka 19.30 var 9 minusgrader, ifølgje
.Politiet på Sunnmøre seier at dette ikkje er noko politisak.
- Vi har blitt forsikra frå AMK-sentralen om at dette ikkje er noko sak for politiet. Vi forheld oss til det og håper dei vurderer rett når dei seier at dette er ei rein medisinsk sak, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård i Sunnmøre politidistrikt til NTB.
- Vi er tett på dei næraste
Krisegruppa i Stordal blei varsla onsdag kveld.
- Krisegruppa har vore samla og helsepersonell frå kommunen har vore i kontakt med familien i Stordal, seier rådmann Lars Joranger til NRK.
Tidlegare i dag vart ei 49 år gamal kvinnen ble funnen sterkt nedkjølt på trappa utanfor boligen sin i Horten.
- Les: