Hopp til innhold

Søkjer om sjøkabel frå Standal

To strekningar mellom Sogn og Sunnmøre skal startast allereie neste sommar, men mellom Ørskog og Standal er det for mykje ueinigheit.

Video Sjøkabel Ørskog- Hjørundfjorden

STARTAR BYGGING: Allereie neste år har olje- og energiministeren håp om å starte bygging på lina mellom Ørskog på Sunnmøre og Fardal i Sogn.

- Det er større utfordringar i denne saka enn på dei andre bitane me har vedteke, sa olje- og energiminister Terje Riis-Johansen på ein pressekonferanse torsdag formiddag.

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen

- SET I GANG: Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen håper på oppstart allereie neste sommar på to strekningar mellom Sunnmøre og Sogn.

Foto: Torbjørn Tandberg

Dei to strekningane som ein har vedteke å starte allereie neste sommar har mindre ueinigheit, fortalde statsråden.

  • Sogndal - Moskog
  • Ørsta - Bremanger

Omdiskutert strekning

- Så har me eitt område der det har vore stor diskusjon på Sunnmøre, sa Riis-Johansen.

Dette området er mellom Standal i Ørsta, og Ørskog. Lina har skapt mykje reaksjonar frå folk i området.

Mellom anna er det utforminga av lina gjennom Sykkylven som er kontroversiell. Dette vil ein unngå dersom ein får eit alternativ med sjøkabel rundt området.

Asgeir Standal (t.v) og Inge Kolås

Avgjerda kjem seinare

- Det me i dag ber Statnett gjere, er å søkje om konsesjon på ein kabel i fjorden frå Standal til Ørskog, sa statsråden.

Presentasjonen i dag gav ikkje ein fasit på kva som vil skje, men vil berre hente fram fleire alternativ for løysingar.

- Den avgjerda kjem ikkje i løpet av fyrste halvdel neste år. Me har ein jobb å gjere. Her vil avgjerda om konsesjon kome noko seinare, fortalde statsråden.