Hopp til innhold

Lege sikta for tvang

Sunnmøre politidistrikt kallar inn til pressekonferanse etter at ein legevikar er sikta for å ha brukt tvang, truslar og utpressing.

Terje Rishaug

ORDKNAPP: Etterforskingsleiar Terje Rishaug ved Ålesund politistasjon.

Foto: Stig Morten Waage / NRK

Mannen vart pågripen medan han var på jobb ved helikopterbasen til Norsk Luftambulanse på Dombås måndag.

LES MEIR: Lege pågrepet og siktet for utpressing

Ligg under politiet på Sunnmøre

Mannen er vikar i Norsk luftambulanse, og har eit tilsetjingsforhold ved sjukehuset i Hedmark.

Overfor NRK er etterforskingsleiar Terje Rishaug ved Ålesund politistasjon ordknapp:

- Eg vil ikkje kommentere denne saka før pressekonferansen i morgon.

- Kvifor ligg saka hjå dykk?

- Det får de vite i morgon.

Sikta for fleire brot

Saka har ifølgje pressemeldinga forgreiningar til fleire politidistrikt.

– Den pågripne er sikta for tvang, truslar, utpressing og andre straffelovsbrot, opplyser politiadvokat Unni Moen Vikebakk ved Sunnmøre politidistrikt til Dagbladet.

Ifølgje avisa er mannen lege.

Til NRK vil politiadvokat Unni Moen Vikebakk verken stadfeste eller avkrefte at det stemmer.

- De får vente til pressekonferansen, er den korte kommentaren.