Hopp til innhold

Susar rundt på sommardekk

Sommardekkbilistane slepp unna. Verken politi eller vegvesen prioriterer å stoppe dei.

Video Sommardekk

Verken politiet eller vegvesenet i Møre og Romsdal prioriterer å kontrollere om bilistar har lagt om til vinterdekk. Dei har heller ingen planar om dekkontrollar etter at snøen kom.

Kåre Bjørge

Kåre Bjørge, fungerande distriktsleiar i UP.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

- Det er ikkje prioritert frå sentralt hald at vi skal ha slike kontrollar, men samtidig er det jo opp til bilførararen å sikre køyretyet til ei kvar tid, seier Kåre Bjørge, fungerande distriktsleiar i UP.

Snø

Mange køyrer rundt på sommardekk, to døgn etter at snøen kom for fullt, men det var eigentleg fart UP-betjentane var ute etter å kontrollere i Søvika i Haram i ettermiddag, og det måtte ei oppmoding frå NRK til, før dei også sjekka om bilistane har lagt om til vinterdekk. Trass i vanskelege køyreforhold og tette snøbyer har verken politiet eller vegvesenet i fylket dekkontrollar denne veka.

Kraftig smell

På Gåseid i Ålesund small det kraftig då ein bil delvis skodd med sommardekk kolliderte med ein buss torsdag ettermiddag.

Kolliderte med buss

Ikkje redd for kontroll

Også i Søvika i Haram var enkelte utan vinterdekk. Men Johny Morland var ikkje redd for å bli tatt i kontroll, sjølv om han køyrde på sommardekk.

Johny Morland

Johny Morland

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

- Nei, det har ikkje eg tenkt på, seier Morland.

Men Morland ville ikkje ha fått ei krone i bot. For det finnast rett og slett ikkje bøtesatsar for dei som køyrer på sommardekk på glatt føre. Det verste som kan skje er at du må setje frå deg bilen og bli meldt til politiet, men ifølgje UP-sjefen skjer det nesten aldri.

Video Ein halv milliard i skadar med sommardekk på vinterføre

Nær ein halv milliard kostar det å reparere skadar fordi bilistar køyre med sommardekk på vinterføre.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL