Hopp til innhold

Skadeskoten ørn kan truleg reddast

Det er godt håp om at kongeørna som er funnen skoten med hagle i Rindal kan reddast. Erfaringar med å redde skada ørner er gode, seier naturvernkonsulent Alf Ottar Folkestad.

Skada kongeørn

Lars Løfaldli tok bilde av den skadeskotne ørna før han fanga den. Ho såg då ut til å vere i god form bortsett frå at den ikkje kunne fly.

Foto: Lars Løfaldli

Ei kongeørn pepra med hagl, blei søndag funnen i Fossdalen i Rindal, skriv adressa.no.

Røntgenbilde av ørna viser at ho er truffen av fem hagl som enno sit i kroppen.

Kongeørn skoten

Alv Ottar Folkestad

Alv Ottar Folkestad har redda mange ørner og andre fuglar.

Foto: Øystein Windstad

Alv Ottar Folkestad er naturvernkonsulent i Ulstein kommune og har lang erfaring med å ta seg av skadde fuglar.

For to år sidan behandla han 5-6 havørner og kongeørner med ulike skadar og alle kom seg til igjen og er tilbakeført til naturen.

Det avgjerande er om nokon av ledda i fuglen er skada. I så fall er det langt vanskelegare å lækje og sjansane for å overleve er mindre.

Folkestad har også erfaring med fugl som har hatt hagl i kroppen. Det avgjerande her kan vere å få ut hagla av kroppen og at dei ikkje sit i ledda.

Kongeørn

Ei kongeørn som blei redda av Alv Ottar Folkestad

Foto: Alv Ottar Folkestad

- Hagl kan verte innekapsla i kroppen, men det kan fort bli lekkasje av blyhaldig væske ut frå kapslane, og då er det fare på ferde, meiner Folkestad.

Bly i kroppen kan fort føre til dødelig kreft for fugl seier Alv Ottar Folkestad.

Den skadde ørna blir no tatt hand om av Tom Roger Østerås i Stjørdal som er spesialist på å ta seg av skadde fuglar.

Lars Løfaldli som fann og fanga den skadeskotne ørna seier til NRK at ørna såg ut til å vere i god form bortsett frå at den ikkje kunne fly.