Hopp til innhold

Vil ha voldabrus tilbake

Nesten 1 200 personar krev å få tilbake brus produsert i Volda. Tilhengjarane hevdar livet ikkje blir det same utan lokalt sukkervatn.

Brus
Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

Tidlegare denne veka blei det kjent at Volda Mineralvatn AS ikkje lenger er liv laga. Etter nesten 100 års historie har selskapet meldt oppbod, og dermed blir det slutt på brus av merke "Eplerose", "Fjellbekk", "Luks" og "Asina".

Kamilla Skjong Kalvø i Ørsta starta torsdag ein underskriftskampanje via nettstaden Facebook, og laurdag ettermiddag hadde nesten 1200 skrive under.

- Eg har aldri interessert meg spesielt for brus, men fekk sjokk då eg høyrde at fabrikken skal leggjast ned. Vi er svært mange som ønskjer å kjøpe nettopp den lokale brusen, seier ho.

Hamstrar brus

Kamilla Skjong Kalvø

Kamilla Skjong Kalvø har starta aksjonsgruppa for å få tilbake brusen frå Volda Mineralvatn AS.

Foto: privat

Og Kamilla Skjong Kalvø har fått med seg mange. Sympatimeldingane strøymer inn frå heile landet, og laurdag ettermiddag var det stadig nye innlegg om brusen på Facebook. Fleire skriv at dei har flytta frå Sunnmøre, men hamstrar brus når dei kjem heim.

- Vi er veldig mange som er skuffa, vi ønskjer å kjøpe brusen frå Volda Mineralvatn både fordi han smakar godt, er billig og blir laga lokalt, seier Skjong Kalvø.

Den 30 år gamle læraren fekk ideen om å starte Facebook-aksjon då ho høyrde om nedlegginga tidlegare i veka. Sjølv likar ho best brusen som heiter "Eplerose", og som ho meiner smakar naturleg og friskt eple.

Oppmodar om boikott

Fleire av dei som no har signert oppropet på Facebook er sinte fordi Volda Mineralvatn AS ikkje fekk fornya avtalen med Rema, og oppmodar til boikott av kjeda. I Sunnmørsposten tidlegare denne veka sa den tidlegare disponenten, Martin Brænne, at det avgjerande skotet for baugen kom då Rema tok over Lidl-butikkane, men ikkje vidareførte avtalen med Volda Mineralvatn.

Mary Tranvåg Follestad i Ørsta skriv at ho skal boikotte kjeda, og at ho nok skal klare seg utan varene derifrå. Ho strekar samstundes under at ho ikkje har noko imot dei som lokalt driv butikkjeda, men at det er leiinga sentralt ho vil råke. Stig Gunnar Myren i Ålesund skriv at kjedene har fått for mykje makt når slikt skjer. Ei kvinne etterlyser politikarar som kan verne om småbedriftene.

Skeptisk til resultat

Kamilla Skjong Kalvø seier ho ikkje har noko tru på at underskriftsaksjonen gir resultat. Samstundes viser ho mellom anna til aksjonen for å få bort paprikaen frå Grandiosa-pizzaen.

- Det har vist seg før at slike aksjonar blir lagt merke til, men eg trur vel i grunn ikkje det skjer noko no. Likevel er det flott at vi kan vise eigarane ein gest, vi er mange som likar brusen frå Volda, seier ho.

Brænnebrus er historie

Nesten 1200 personar har skrive under på at dei vil ha brus frå Volda Mineralvatn AS også i framtida.

Foto: NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL