Hopp til innhold

Krev trygg skulebuss

Skuleborn må stå i skulebussen i 80 km/t til Vågsetra skule i Molde – rektor Per Arnt Harnes og 10.klassing Ane Tolaas krev regelendring.

Rektor Per Arnt Harnes og Ane Tolaas

Rektor ved Vågsetra, Per Arnt Harnes, og 10.klassing Ane Tolaas syns ikkje det høyrer heime i 2009 med reglar som tillet at skuleelevane kan stå i skulebussen.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Både foreldre, skuleelevane og leiinga ved Vågsetra barne- og ungdomsskule på Hovdenakken i Molde vil ha endra reglane som tillet at borna kan stå i skulebussen.

Nesten kvar dag er det så fullt på bussane til og frå Vågsetra, at mange av elevane må stå i midtgangen.

Utrygge

Dei er ikkje trygge når bussen køyrer i 80 kilometer i timen ned gjennom Solheimdalen, fortel tiandeklassing Ane Tolaas.

- Det er hektisk, trangt og sekkar overalt, dårleg med plass til føtene og veldig mange står, seier Ane.
Sjøl finn ho sitteplass når ho går på bussen ved heimen i Tolaasen, men mange som kjem på neste stoppestad i Solheimdalen får ikkje sete.

- Slik er det kvar dag, seier ho og finn det utriveleg og utrygt - spesielt nedover Solheimdalen gjennom Røviklia der det er masse dyr som ofte kjem ut i vegen.
Det er 80 kilometers fartsgrense og bussen køyrer ikkje akkurat sakte, seier Ane.

Uforsvarleg

Rektor Per Arnt Harnes ved Vågsetra barne- og ungdomsskule seier mange foreldre og born syns det er for trangt og uforsvarleg at elevane må stå på bussen.
- I 2009 burde det ikkje vere slik at skuleelevane står på bussen, seier rektoren.
- Regelverket opnar for den muligheiten, så busselskapet gjer ikkje i utgansgpunktet noko feil, men vi er i stuss på at reglane er slik i dag.

Vil ha regelendring

No tek foreldra opp saka gjennom FAU ved skulen.
- Heilt horribelt, seier leiar i FAU, Kjell Stenså om at slike reglar finns i dag når vi veit kor stort fokus det er på trafikktryggleik.

Kjell Stenså

Leiar i FAU ved Vågsetra, Kjell Stenså, tar saka vidare i håp om regelendring.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Dei har tatt opp saka med Møre og Romsdal fylke og har møtt stor forståing der. Dei klandrar heller ikkje busselskapet,Veøy buss, som berre fylgjer reglane.


Bussane har setebelte og dei køyrer også ein ekstra maxi-taxi, men likevel må mange ungar stå i bussen.
No blir saka tatt vidare til det kommunale foreldreutvalet i Molde, med målsetting å endre regelverket – ikkje berre lokalt, men i heile fylket.

Sikring av borna i skulebussane i fylket blir og tatt opp i komande møte i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal.