Hopp til innhold

- Mjuk opp permitteringsreglane!

Både møbelindustrien og skipsindustrien ber om endå fleire endringar i permitteringsreglane enn det som ligg i tiltakspakken.

Kleven verft, Ulstein

Kleven verft, Ulstein

Foto: NRK

Dagens tiltakspakke er ikkje direkte til hjelp verken for Ekornes i Sykkylven eller Kleven i Ulstein. Det hadde dei kanskje heller ikkje venta, men begge vil ha fleire endringar i permitteringsreglane.

Regjeringa sine endringar

Tiltakspakken inneheld desse endringane i permitteringsreglane:

  • Talet på dagar arbeidsgivaren må betale lønn for, blir redusert frå 10 til 5.
  • Den maksimale perioden med dagpengar under permittering blir auka frå 30 til 42 veker.

Vil ha endra stillingsbrøk

Ståle Rasmussen

Ståle Rasmussen

Foto: Nyhetsspiller / NRK

For å ha rett på dagpengar frå NAV, må arbeidstakaren vere minst 50 prosent permittert. Både ved Ekornes og Kleven meiner leiinga at denne regelen bør oppmjukast, slik at dei kan stå friare til å permittere folk i ein mindre del av arbeidstida. - Ved stans i produksjonen kan vi då bruke permitteringar meir aktivt, seier administrerande direktør Ståle Rasmussen ved Kleven Verft i Ulstein. Han ventar no på regjeringa sin bankpakke.

Nils-Fredrik Drabløs

Nils-Fredrik Drabløs

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Kleven har velfylte ordrebøker i dag. På den måten er det verre med Ekornes,som eksporterer 95 prosent av det som blir produsert ved Stressless-fabrikken. - For å ha full sysselsetjing, må ordrane frå kjøparlanda tilsvare kapasiteten ved fabrikken, og dei siste månadene har ikke det vore tilfellet. Derfor har vi også vore nøydde til å redusere kapasiteten, seier administrerande direktør Nils-Fredrik Drabløs. Ekornes har også etterlyst endå meir fleksible permitteringsreglar.

- Er det dette Ekornes treng?

- Nei, vi treng ordrar, vi! Regjeringa kan ikkje tilføre oss oppdrag, seier Drabløs.