Hopp til innhold

Dyreforsvinningar ei påkjenning

Dyreforsvinningane i fylket den siste tida er ei stor påkjenning for bøndene.

Husdyr borte i fylket

Fleire bønder i fylket har opplevd at dyr har forsvunne siste tida.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Over eit hundre husdyr har på mystisk vis blitt borte Møre og Romsdal siste tida.

Politiet jobbar no med åtte saker der husdyr er sporlaust forsvunne.

Bonde Geir Eggesbø på Hellandsvika i Haram miste 40 lam i september. Han fryktar kva som har skjedd med dyra.

Fleire bønder råka

Geir Eggesbø
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

- Økonomisk er det følbart, men kjenslemessig er det endå verre, seier Eggesbø.

Stadig fleire bønder i Møre og Romsdal melder frå til politiet om at sauer og kviger er sporlaust forsvunne. Etter det NRK kjenner til skal åtte bønder ha lidd store tap.

Det heile starta med at bonde Anna Lena Hole frå Midsund gjekk ut i media då ho oppdaga at 67 sauer var forsvunne. Sauene beita på innmark og då dei skulle medisinerast vart det oppdaga at store delar av flokken var borte. Geir Eggesbø miste 40 lam i andre halvdel av september.

Kan vere organisert

- Då såg vi at det mangla heile tvillingsett, eller ein av tvillingane, så vi tenkte det at dei var så store at dei gjekk frå mora i lenger perioder. Men vi fann dei ikkje, seier han.

- Vi byrja leite meir systematisk, spesielt i oktober. Vi brukte to og ei halv veker, og fann ingenting, fortel Eggesbø.

Etterkvart som fleire saker har dukka opp, tenker bøndene at det dreier seg om organisert tjuveri. Eggesbø seier at det ikkje er problem å stele dyr.

- Viss folk vil stele lam her i Bergemyrane, så er det jo veldig aude. Du kan ta dei både frå sjø og frå vegen, seier han.

Usikker på framtida

Anna Lena Hole
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Anna Lene Holen har leitt overalt etter sine 67 sauer, og har gitt opp håpet om å finne dei.

- Eg trur nok mine sauer ikkje fins lenger, seier ho.

No veit ho ikkje om ho orkar å halde fram som gardbrukar.

- Det er mykje som skal på plass med meg for at eg skal halde fram som sauebonde no, seier ho.

- Eg produserer ikkje sau for at folk skal få kome her å hente dei på den måten, legg ho til.