Hopp til innhold

I varetekt etter brann

Paret som budde i husværet der brannen starta i Ålesund natt til i torsdag, blir i dag framstilt for varetektsfengsling.

Brann Gjerdegata
Foto: Rune Hansen / NRK

Politet har sikta dei to for medverknad til lekamsskade og for brannstifting.

Ein person er framleis på sjukehus, etter at han blei funnen banka opp ved blokka der det brann.

Politiet ønskjer framleis å kome i kontakt med to menn som kan ha noko med saka å gjere.

Les også: Mista alt