Hopp til innhold

Banka opp med balltre - 22-åring har tilstått

Knuste bilvindu
Foto: Bent Ulleland.

Ein 22 år gamal mann har erkjent at han banka opp ein 32-åring i Langevåg i Sula natt til fredag.

Ei kvinne som vart pågripen etter valdshendinga gjekk frå staden då slagsmålet starta og har dermed ikkje vore involvert, seier lensmann Frode Haugen.

32-åring ligg på St.Olavs hospital i Trondheim.

Alvorlege skadar

Mannen har mellom anna fått skadar i hovudet, og sjukehuset opplyser at skadane er svært alvorlege.

Sperra av

Huset der det skjedde er sperra av og store politstyrkar har i formiddag jakta på dei som står bak utgjerninga. I løpet av dagen har fleire vitne vore inne til avhøyr.

Politiet avviser at det er nokon samanheng mellom denne valdshendinga og brannen i Ålesund natt til torsdag.