Hopp til innhold

Kastar våren inn

Ein ny sesong med diskgolf er i gang i Sula. Frisbeekasting på korg er ein vårsport for alle.

Daniel Myrrusten er på landslaget i diskgolf

Daniel Myrrusten frå Langevåg er på landslaget i diskgolf.

Foto: Janne-Marit Myklebust / NRK

Dei ivrigaste har halde på heile vinteren, men no er diskgolf-bana fri for snø, og fleire har tatt turen til Møre og Romsdal si einaste diskgolf-bane.

I tre år har Sula kommune husa fylket si einaste diskgolfbane. 18 korger står plassert i terrenget. Og målet er å kaste frisbee på færrast muleg kast oppi dei mange korgene. I prinsippet som heilt vanleg golf, men utan køller. Formann Jostein Håland fortel at sjølv om nyheitens interesse kanskje har lagt seg dei siste åra, så er det eit levande frisbeemiljø på Sula.

- Då vi starta opp i 2005 var det ein stor farsott. Då var vi hundre stykke her. Men det har dabba litt av no. Men det ser ut til å skulle ta seg opp att no. Vi har rundt 20 aktive, og har 50 på medlemslista.

Jostein Håland spelar diskgolf

Jostein Håland er ein av primus motor bak diskgolfbana i Sula.

Foto: Janne-Marit Myklebust / NRK

På landslaget

Så ivrige er dei til å kaste frisbee at Sula har fått sin første landslagsspelar. 17 åringen Daniel Myrrusten er ein av fire i landet som kan bere den stolte tittelen. Han har gode resultat å vise til.

- Eg blei Noregsmeister i 2006, tok ein 2.plass i NM i fjor, og no har eg fått beskjed om at eg er tatt ut på landslaget. Det er litt kult. Kanskje litt sært, fordi det er ein sport ikkje så mange veit om. Men det er artig, seier Myrrusten.

- Eg har fått meir lyst til å trene etter at eg kom på landslaget. Det er ikkje sikkert eg hadde drive med dette viss det ikkje hadde vore ei diskgolf-bane i Sula, innrømmer han.

Sekk med frisbee

Det held ikkje med berre ein frisbee viss du skal spele som proffane.

Foto: Janne-Marit Myklebust / NRK

Mykje teknikk

Å kaste frisbee er litt meir avansert enn det kan høyres ut. Daniel Myrrusten har utstyrt seg med ein heil sekk full av diskar.

- Du treng mange ulike diskar til ulike kast. Dei tynne heiter "driver" og er til lange kast. Så har du nokre til innspel som du treng når du er omlag 30-50 meter frå korga. Dei er litt tjukkare og går beinare enn driverane. Og så har vi ein til putting. Så det er ikkje så enkelt å kaste frisbee som det høyrest ut.

Langt mellom banene

Det er eit stykke mellom korgene, eller hola som dei kallar det på fagspråket. Men det er enno lenger å reise til den næraste diskgolfbana frå Sula fortel Jostein Håland.

Diskgolf

Korgene, eller hola, står plassert rundt i terrenget. Nokre er vanskelegare å treffe enn andre.

Foto: Janne-Marit Myklebust / NRK

- Næraste bane er på Måløy har eg høyrt, men den er vel gjengrodd. Så utover det må du til Bergen eller Trondheim trur eg. Vi skulle gjerne hatt fleire baner i nærområdet. Vi trur Ålesund skulle hatt seg ei bane, seier Håland.

- Det hadde dei vore tent med.

Maskulin sport

Diskgolf har dei same reglane som vanleg golf. Sporten er maskulin meiner Jostein Håland.

- Det handlar om å kaste ting. Og det er ein maskulin dyd, meiner Håland.

- All kasting er morosamt. Viss eg må svare enten ja eller nei på om vanleg golf er feminint, så må eg svare ja. Diskgolf er meir ekte. Det heng framleis eit overklassestempel over kølle-golfen, seier Håland.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL