Hopp til innhold

Fire skadd i utforkøyring

Fire ungdommar fekk lettare skadar då ein buss med 39 konfirmantar køyrde utfor vegen i Tusvika i Sykkylven fredag ettermiddag.

Alle dei 38 passasjerane blei tekne hand om av helse- og krisepersonell.

Konfirmantar

Bussen var på veg frå Ørsta og Volda og hadde 38 konfirmant-ungdommar ombord. Dei skulle på samling i Sykkylven. Ulukka skjedde like ved Tusvika i Sykkylven. Politiet fekk melding klokka 17.41.

Glatt føre

- Det var svært glatt føre på vegen der bussen køyrde utfor vegen, seier operasjonsleiar Einar Rostad ved Sunnmøre politidistrikt. Politi og ambulanse kom fort til staden og tok hand om dei skadde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL