Hopp til innhold

Mystikk i stein

Volda har fått ein ny og mystisk attraksjon. Folk går mann av huse for å ta dette merkelege holet i nærare augesyn.

Mystisk hol
Foto: Erling Sivertsen

Holet i steinen er om lag 6 cm i diameter og går gjennom massivt fjell.

Det var under arbeidet med å hakke vekk fjell at holet vart avdekt på Vikeneset i Volda, skriv avisa Møre.

Holet ser ut som ei sjukanta stjerne. Omlag fire meter av holet er avdekt, men det går vidare skrått nedover fjellet.

  Den mystiske stjerna

Menneskeskapt

Til Møre seier fylkesgeolog Einar Anda at han trur holet er menneskeskapt. 

- Ut frå fotoet ser det ut som det er menneskeskapt, men eg veit ikkje kva det er, seier han.     

Anleggsarbeidarane veit heller ikkje kor holet kjem frå. Dei har ikkje utstyr til å lage det. 

Attraksjon

Anleggsarbeidarane som driv med gravearbeid i området får no mykje besøk av nysgjerrige tilskodarar. Alle vil sjå holet i steinen.

Volda har fått ein ny og mystisk attraksjon.

Høyr ettermiddagssendinga til NRK Møre og Romsdal på lokalsendinga på P1  frå klokka 16 tysdag. Der har vi invitert ein geolog og mannen som oppdaga holet til å prøve å løyse mysteriet.