Hopp til innhold

Ukjende fiskar

Naturtelefonens lyttarar sender ofte foto av ukjende fiskar for at akvarist Jan Einarsen skal identifisere dei. Her er eit par:

Svartfisk

Svartfisk

Foto: Jan Kåre Vik

Ovanfor ser du eit bilete Jan Kåre Vik har sendt oss av ein fisk han fekk på garn på grunt vatn på Vikbukta i Tomrefjorden. Fisken var ca. 40 cm lang. Vik undrar seg på kva dette er for noko.

Jan Einarsen fortel at dette er ei svartfisk (centrolophus niger). Den høyrer til ein familie med 22 ulike artar. Tre av dei er veldig sjeldne på våre kantar av verda: svartfisk, engelsk svartfisk og tønnefisk. Svartfisken finst over heile verda i både tropiske og tempererte strøk, med unntak av Indiahavet og delar av Stillehavet. Han er blant dei få som har manetar som hovudrett!

Tangbrosme

Tangbrosme

Foto: Arild Valle

Arild Valle har aldri før fått ein slik fisk som den på biletet over. - Kan det vere ei tangbrosme? spør han. Og det stemmer. Tangbrosmene lever i taresona, dei kan vere tretråda, firetråda eller femtråda (etter talet på skjeggtrådar), og er vanlegast å få i krabbeteiner om sommaren.

Arild Valle har også sendt oss eit video-opptak av ein annan fisk han ikkje kjenner. Av ymse årsaker får ikkje vist den her, men Jan Einarsen har sett på videoen og fortel at det er ein fløyfisk, "kystens store sjarmør".

Du finn meir om fløyfisken på denne nettsida:

Fløyfisk

 

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL