Hopp til innhold

Vil forandre lova etter forliset

Sjøfartsdirektoratet har ikkje tid til å vente på konklusjonen til havarikommisjonen etter Bourbon Dolphin-forliset. Dei vil forandre lova, og det raskt.

Bourbon dolphin
Foto: HM COASTGUARD / SCANPIX

I sjøforklaringa på onsdag gjekk det fram at skipet var for lite for oppdraget.

 

 

Hastemøte

Direktoratet har difor kalla inn til eit møte neste fredag, for å sjå om ein bør gjere raske endringar i regelverket, seier assisterande sjøfartsdirektør Sigurd Gude:

- Vi vil få eit bredt møte med både myndigheiter og næringa, for å sjå på om det er nødvendig med førebelse restriksjonar i kva type skip som skal gjere denne type ankerhandtering.

Vil vurdere mekanismane

- Det kom også fram under sjøforklaringa at nødutløysingsmekanismen ikkje fungerte slik den skulle. Er det noko de vil kike på?

- Det har vi merka oss, og det er heilt klart ein av dei tinga vi vil gå djupare inn i.

- Det kom også fram at tempoet på kjettingen ikkje gjekk fort nok, etter at nødutlysingsa var koble inn. Dette er ikkje testa under så stor slagside, bør det kome inn under forskriftene?

- Det er noko som vi vil vurdere under møtet fredag 4. mai, seier Sigurd Gude, assisterande sjøfartsdirektør i  Sjøfartsdirektoratet.