Hopp til innhold

– Ulven er ein stygg sauedrepar

Rovdyrdebatten blussar opp etter at ein ulv tok sju lam i Sunndal natt til tysdag.

Odd Bjarne Bjørdal på sauesanking

Leiaren i Møre og Romsdal Sau og Geit vil helst ikkje ha ulv i det heile tatt i Noreg.

Foto: Knut Hustad

– Rovdyra er i ferd med å bli den største trusselen mot sauebøndene, seier leiaren i Møre og Romsdal Sau og Geit, Odd Bjarne Bjørdal.

Dei siste dagars ulveherjingar i Sunndal har sett sinna i kok igjen. Natt til tysdag tok ulven livet av sju lam rett utafor fjøsveggen til bonde Pål Svisdal.

No seier leiaren i Møre og Romsdal Sau og Geit, Odd Bjarne Bjørdal, at han helst ikkje skulle sett ein einaste ulv i landet.

Odd Bjarne Bjørdal

Leiaren i Møre og Romsdal Sau og Geit, Odd Bjarne Bjørdal, skulle helst ikkje hatt ulv i Noreg i det heile tatt.

Foto: Knut Hustad

– Mi ærlege meining er at vi hadde klart oss godt utan ulv i det heile tatt. Den største konflikten er mellom jerv og bjørn, men ulven er ein stygg sauedrepar der han slepp til, seier Bjørdal.

Fann ingen ulv i natt

Natt til onsdag leita eit jaktlag i Sunndal på ulven, som hittil har tatt sju lam. Leitinga var fånyttes. Heile tysdag var Statens Naturoppsyn på garden i Sunndal for å undersøkje dei daude lamma.

– Stor trussel

Leiaren i Møre og Romsdal Sau og Geit meiner rovdyra er i ferd med å bli ein alvorleg trussel for sauebøndene.

– Det blir stadig snakka om at dårleg økonomi er ein stor trussel, men i framtida blir rovdyra den største grunnen til at sauebruk blir lagde ned. Det er ei stor psykisk påkjenning for bøndene som steller dyra heile vinteren, for så å oppleve at dei blir drepne, seier Bjørdal.

Tvilar på tala

Ulven var bortimot utrydda i Noreg i 1960. Sakte, men sikkert har stammen blitt gjenreist, med totalt rundt 60 dyr i Noreg og i grenseområda til Sverige. I Møre og Romsdal finst det ingen fastbuande. Bjørdal tvilar på at tala stemmer.

– Det er heilt sikkert meir. Hugs på at ulven vandrar over store område, seier Bjørdal.

– Kan ikkje utrydde rovdyra

Øystein Folden

Øystein Folden i Naturvernforbundet foreslår at bøndene tek sauene inn om natta i ein periode, for å verne dei mot ulven.

Foto: Øystein Folden

Leiaren i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Øystein Folden, vedgår at situasjonen er vanskeleg, etter at ulven tok sju lam i Sunndal. Men han er ikkje med på tanken om å fjerne ulven totalt.

– Det er ein vanskeleg situasjon, men vi kan ikkje utrydde rovdyra heller. Det er viktig for eit økosystem over lang tid at rovdyra er der, seier Folden.

Foreslår å ta inn dyra om natta

Folden foreslår å intensivere vakthaldet over sauene på nattetid ved starten og slutten av beitesesongen, for å unngå fleire ulvedrap.

– Vi kjenner til dette frå gamalt av, og trur at dersom sauen blir tatt inn om natta ein periode, vil det virke førebyggande. Vi trur heller ulven vil ta dei ville dyra, dersom dei tamme dyra er inne om natta, seier Folden.

Etter å ha obdusert de døde lammene i Sunndal er konklusjonen klar. Det er ulv som har vært på ferde.

Ulv har tatt sau