Hopp til innhold

Nordic Light droppar Hells Angels

I ei pressemelding melder den kjende fotofestivalen Nordic Light at dei kuttar programposten med MC-klubben Hells Angels.

Hells Angels

Hells Angels skulle etter planen delta under Nordic Light. No blir delen kutta, etter massivt press frå fleire i Kristiansund.

Foto: Russel A. Daniels / Scanpix

Det var i samband med fotoutstillinga til fotograf Marcel Leliënhof at Rune «Supern» Olsgaard skulle intervjuast.

No blir derimot delen der den kjende Hells Angels-medlemmen «Supern» skulle intervjuast kutta.

I ei pressemelding skriv fotofestivalen Nordic Light at dei hadde eit håp om å bruke fotografi til å utløyse debattar.

Anne Lise Flavik er daglig leder for Nordic Light

Anne Lise Flavik er skuffa over å måtte kutte delen med Hells Angels.

Foto: Odd Inge Teige

Utstillinga til Leliënhof, som skal gå som planlagt, er frå innsida av MC-klubben.

– Tenkte det skulle vere takhøgd

Dagleg leiar i Nordic Light, Anne Lise Flavik, hadde eit håp om å skape diskusjon.

– Den aktuelle fotoutstillinga om Hells Angels er ikkje eit uttrykk for støtte til noko som helst, presiserer ho i pressemeldinga.

For fotofestivalen er det eit mål å vere ein arena som gir rom for meiningsutveksling og debatt om viktige samfunnsspørsmål og fenomen, skriv festivalen.

Det var grunnen til at to Hells Angels-medlemmer og fleire av deira sterkaste kritikarar blei invitert til ein paneldebatt.

Rune "Supern" Olsgaard

Olsgaard, talsmann i Hells Angels, er skuffa over avgjersla som Nordic Light «måtte ta», ifølgje han sjølv.

Foto: Johannessen, Sara / NTB scanpix

– Vi tenkte at det skulle vere takhøgd for verbal kommunikasjon rundt fenomenet Hells Angels. Det ville vore interessant å høyre kva Hells Angels sjølv tenkjer om si rolle og sin posisjon, og ikkje minst sleppe til dei sterkaste kritiske røystene som jamt meiner noko om dei.

Skuffa, ikkje overraska, «Supern»

– Vi var jo to stykk som skulle dit, der éin skulle delta i paneldebatt og eg skulle møte Morten Krogvold «ansikt til ansikt» (journ. anm. intervju under festivalen).

– No har Nordic Light blitt utsett for eit utilbørleg press, og har til slutt ikkje fått moglegheit til å gjennomføre arrangementet, meiner Rune «Supern» Olsgaard.

Han omtalar situasjonen som svært lei.

Saka blir oppdatert.