31-åringen som bur på Askøy i Hordaland fekk aldri svar på uromeldinga han sende til Forsvaret
.Svarte først då NRK tok kontakt
Han tok kontakt med Forsvaret fordi han frykta at plagene kunne stamma frå utanlandsoppdrag i Kosovo og Afghanistan.
.Legen meinte svulsten oppsto samtidig som 31-åringen tenestegjorde for FN i Kosovo og Afghanistan. Først då NRK tok kontakt med forsvaret etter halvanna år fekk den tidlegare soldaten svar frå Forsvaret.
Leiinga i Forsvarets sanitet omtalar behandlinga den tidlegare KFOR- og ISAF- soldaten fekk
.Over 300 ventar på svar
Leiaren for forsvarskomiteen på Stortinget meiner forsvarsministeren må på bana for å styrka oppfølginga av veteranane.
– Me opplever stadig at veteranane møter veggen i kontakt med det sivile hjelpeappatet. Og i dette tilfellet var det jo forsvaret som ikkje gav ut informasjonen dei hadde om kva veteranen vart utsett for, meiner Ine Marie Eriksen Søreide med klar adresse til saka til Hans Bjarne.
Over 300 veteranar ventar i dag på å få saka si behandla av Statens Pensjonskasse. Veteranforeininga Sipos meiner mange av dei vert møtt av
.– Departementet har ikkje gjort nok for å få raskare prosessar. Mange av dei det gjeld får livet på vent i påvente av ei avklaring på om dei får erstatning eller ikkje, seier komiteleiaren.
Var sjølv på FN-oppdrag
Stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter frå Framstegspartiet har sjølv bakgrunn frå FN-teneste i Libanon på starten av 1980-talet. Han er kritisk til måten veteranane vert følgt opp på.
– Som samfunn tar me oss ikkje av veteranane i ettertid, meiner stortingsrepresentanten frå Hordaland.
Hagesæter som sjølv kjenner mange veteranar frå tida si i Forsvaret meiner forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen må stilla langt strengare krav til Forsvaret.
– Departementet må stilla langt større krav til Forsvaret når det gjeld å få sanninga på bordet. Ein må få ei klarare forståing for at det er ein kostnad med å senda unge menn og kvinner til krigsområde. Også i ettertid, meiner Hagesæter.
– Ikkje akseptabelt
Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen frå Arbeidarpartiet ser alvorleg på at Kosovo-veteranen ikkje fekk svar frå Forsvaret.
– Det er ikkje akseptabelt at Forsvaret ikkje svarar, men det svarte jo og forsvaret i går, seier forsvarsministeren.
Ho meiner ho har gjort mykje for å betra situasjonen for veteranane.
– Frå eg vart forsvarsminister i 2005 har me gjort mykje for å betra ordningane til veteranane. Det var eit forsømt felt i mange år. Det har vorte betre anerkjenning, betre helsehjelp og betre erstatningsordningar, meiner Strøm-Erichsen.
– Men korleis har det seg då at mange må venta så lenge?
– Det er ikkje godt nok at mange skal venta lenge. Det kan skje feil, noko me absolutt ikkje ønskjer. Men i fjor forsterka me veterantenesta med 29 stillingar for at nettopp dette skal verta betre, seier forsvarministeren til NRK.no.