Hopp til innhold

200 kommunar har ingen plan for oppfølging av veteranar

Sivilisamfunnet har ansvar for oppfølginga av 40.000 eks-soldatar. Men meir enn halvparten av kommunane manglar ein veteranplan.

Ståle Fossheim på fredsbevarande oppdrag KFOR i Kosovo.

FREDSSTYRKE: Ståle Fossheim tenestegjorde i Kosovo i 2001-2002, og meiner at informasjonen til veteranar kunne vore betre.

Foto: Ståle Fossheim / Private bilde

Då Ståle Fossheim kom heim frå fredsbevarande oppdrag i januar 2002, fekk han nokre dagar med informasjon og oppfølging, og eit spørjeskjema eit halvår seinare.

– Og sidan har eg ikkje høyrd så mykje meir, fortel han.

Fossheim har først og fremst gode minner frå oppdraget i Kosovo, og arbeider i dag som lærar. Men det er mange veteranar som ikkje har greidd seg like bra.

– Eg veit om nokre som er uføre på grunn av det. Så nokre har ofra mykje for sikkerheitspolitikken til Noreg.

Mange veteranar får dårlegare psykisk helse over tid

I dag følgjer Forsvaret opp veteranar i eitt år etter heimkomst.

Afghanistan-undersøkinga frå 2020 viste at 1 av 10 veteranar har psykiske helseproblem. I løpet av dei åtte åra undersøkinga føregjekk var dei fleire som rapporterte at den psykiske helsa vart verre.

Oppfølging på lang sikt er minst like viktig som oppfølginga det første året, meiner Bjørn Robert Dahl, generalsekretær i Noregs Veteranforbund for Internasjonale Operasjonar (NVIO).

– Viss det skjer noko med veteranen, så er det ofte det ein kallar for «late onset». At ein får ein del tankar i ettertid, og det kan dukke opp både fem og ti år etterpå.

Bjørn Robert Dahl, generalsekretær i NVIO

Bjørn Robert Dahl, generalsekretær i NVIO, påpeikar at veteranane kan vere viktige ressursar i uventa krisesituasjonar her heime.

Foto: Anders Nilsen / Høyskolen Kristiania

Berre åtte av 43 kommunar i Vestland har veteranplan

Eit av tiltaka som skal sikre at veteranar blir følgt opp på lengre sikt er kommunale veteranplanar. Regjeringa oppfordra alle kommunane til å opprette dette allereie i oppfølgingsplanen frå 2014.

Hensikta er å anerkjenne, vareta og følgje opp veteranane og familiane deira lokalt. Eigne veterankontaktar i kommunane skal bidra med å kople veteranane sine behov med sivile hjelpeapparat.

Tal frå Forsvaret viser at 200 av dei 357 kommunane i Noreg manglar ein slik veteranplan.

Vestland fylke er eit av fylka med flest veteranar, men likevel har berre åtte av 43 kommunar oppretta ein veteranplan.

– Rom for forbetring

Dahl seier at oppfølginga av veteranane har blitt betre dei siste 15 åra, men at det framleis er ein del å ta tak i.

– Etter det første året skal det sivile samfunnet og dei offentlege tenestene overta. Og det er kanskje eit av områda med størst rom for forbetring.

Dahl påpeikar at Vestland er ein av fylka med mange veteranar og få veteranplanar, og oppfordrar kommunane til å kome i gong med utarbeidinga av desse.

Stryn tok grep

Stryn kommune vedtok sin første veteranplan i november i fjor, som første og einaste kommune i gamle Sogn og Fjordane fylke.

Nils Petter Hauge, tidlegare veterankontakt i Stryn kommune, fortel at planen skal vareta dei som er ute på oppdrag, dei som kjem heim og dei som skal ut i framtida.

– Dersom dei som skal ut på internasjonale oppdrag i framtida ser at dagens veteranar blir godt varetatt, så er det lettare for ei kommune og ein nasjon å sende ut nye representantar.

Siv Randi Berstad, veterankontakt i Strynm kommune. 
Nils Petter Hauge, tidlegare veterankontakt og HR-sjef i Stryn kommune.

Noverande veterankontakt, Siv Randi Berstad og tidlegare veterankontakt, Nils Petter Hauge med fersk veteranplan for Stryn kommune.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Veteranplanar er ein god start

– Ein plan i seg sjølv er bra, men det må også informerast ut. Det er ikkje vits å ha ein plan, dersom ingen veit om den, seier Fossheim om veteranplanane.

Han påpeikar at mange veteranar berre har positive erfaringar og få eller ingen negative etterverknadar, medan andre er meir prega.

– Vi veit at ein del veteranar har større utfordringar enn andre. Å få hjelp tidleg er viktig for å gjere livet enklare.

Ståle Fossheim, veteran

Fossheim trur det er viktig å ha arenaer der veteranar kan treffast og dele gode og dårlege erfaringar med likesinna.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK