Hopp til innhold

Meiner Forsvaret sitt byråkrati stoppar hjelp til veteranar

300 krigsveteranar ventar på behandling i Statens Pensjonskasse. Årsaka er at dei vert møtt av ein vegg av byråkrati i Forsvaret, meiner veteranforbund.

Hans Bjarne i Afghanistan

VETERAN: Hans Bjarne tenestegjorde for Noreg både i KFOR-styrken i Kosovo og seinare i ISAF-styrken i Afghanistan. I etterkant har han fått lite hjelp av Forsvaret.

Foto: Privat

Veteranforbundet Siops reagerer kraftig på saken til ein tidlegare soldat som aldri fekk svar på uromeldingane han sendte til Forsvaret etter å ha tenestegjort i utlandet.

– Føyer seg inn i rekka

Anders Grindaker

REAGERER: Anders Grindaker i Veteranforbnudet Siops.

Foto: Ana Leticia Sigvartsen / NRK
Hans Bjarne jobbar til dagleg som dykkar

VENTAR SVAR: Hans Bjarne vil veta kva stråling han vart utsett for som FN-soldat.

– Det er så beklageleg, men det føyer seg diverre inn i rekka av saker, seier talsmann Anders Grindaker i Veteranforbundet Siops.

NRK fortalde i går at ein tidlegare FN-soldat prøvde i halvanna år å få ut stråleinformasjon frå Forsvaret, utan å få svar. Ti år etter å ha tenestegjort i Kosovo oppdaga soldaten Hans Bjarne at han hadde ein stor svulst på hjernen.

LES HEILE SAKA: Fekk Hans Bjarne svulst av stråling i Kosovo?

Legen meinte svulsten oppsto samtidig som 31-åringen tenestegjorde for FN. Men då han ville få svar på kva stråling han vart utsett for i utlandet, stoppa det opp. Forsvaret har ikkje svart på breva Hans Bjarne har sendt.

Fleire hundre ventar svar

Den 31 år gamle dykkaren er diverre ikkje aleine, fortel Siops. Saka til Hans Bjarne er berre av mange veteranforbundet viser til.

Hundrevis av krigsveteranar vert ifølgje Siops møtt av ein vegg av byråkrati i Forsvaret. Dei slit med å få ut informasjon, og berre i Statens Pensjonskasse ligg 300 saker på vent grunna sein saksbehandling.

Dette er eit hån mot dei som har tent landet, meiner Grindaker i Siops.

– Det er jo med undring vi konstaterer at det ikkje er vilje til å svara på den type kontakt. Det gjelder trass alt kvar enkelt sin helse, seier han.

Hjernesvulst

SOM EIN TENNISBALL: Denne svulsten vart oppdaga i hjernen til Hans Bjarne. Spørsmålet er om den kan skuldast stråling under teneste i utlandet.

– Vi risikerer liv og helse

Hans Bjarne vart sjukemeld då han ikkje lenger kunne gjere jobben sin. Dykkarinstruktøren busett på Askøy utanfor Bergen visste ikkje kva som var gale – og vart sendt til hjerneskanning av bedriftslegen. På Haukeland universitetssjukehus oppdaga dei ein kreftsvulst like stor som ein tennisball.

31-åringen er lite imponert over kva hjelp han har fått til å finne ut kva han vart utsett for av stråling i Kosovo.

– Vi risikerer liv og helse ved å reise ut, og kan i det minste forventa å bli teke seriøst i ettertid, seier Hans Bjarne.

LES OGSÅ: Stråleutstyr skulle gje svar, men resultata vart aldri laga

Forsvaret: – Ein glipp

Fungerande sjef for Forsvarets sanitet, Dag Hjelle, seier at saka til Hans Bjarne er ein glipp.

– Det som har skjedd her er ein alvorleg svikt i våre interne rutinar, sa Hjelle til NRK i går .

Men ifølgje Grindaker i veteranforbundet er dette tilfellet er regelen – ikkje unntaket.

– Då kan det forstå slik at det å ta vare på sine soldatar, berre gjeld når dei er inne til teneste og ikkje i ettertid, seier han.