Hopp til innhold

– Det er ein alvorleg svikt at Hans Bjarne ikkje fekk svar

Forsvaret beklagar at dei ikkje svarte på uromelding etter at tidlegare KFOR -soldat fekk hjernesvulst.

Hans Bjarne jobbar til dagleg som dykkar

FEKK ALDRI SVAR: Først då NRK tok kontakt med Forsvaret etter over eitt og eit halvt år fekk Hans Bjarne svar på spørsmåla han stilte til Forsvaret.

Hjernesvulsten til Hans Bjarne

HJERNESVULSTEN: I 2011 fekk Hans Bjarne påvist ein svulst på hjernen. Han ber forsvaret om å finna ut om andre som har tenestegjort i utlandet har fått liknande plager.

Foto: Privat
Nevrokirorg Christian Helland

SER BORT FRÅ IKKJE AT STRÅLING ER GRUNNEN: Nevrokirurg Christian Helland meiner radioaktiv stråling kan vera ei mogeleg forklaring på svulsten.

Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRK

Den tidlegare FN-soldaten Hans Bjarne som bur på Askøy vest for Bergen fekk i 2011 påvist ein svulst på hjernen. Etter samtale med kirurgen som opererte han fryktar 31-åringen at årsaka kan vera radioaktiv stråling frå utanlandsoppdrag i Kosovo og Afghanistan i første halvdel av 2000-talet.

31-åringen tok kontakt med Forsvaret for å få svar på om strålemålaren han hadde brukt som KFOR-soldat i Kosovo hadde vist unormale stråleverdiar. Han stilte òg spørsmål om det var andre av dei som hadde tenestegjort i utlandet i same periode som hadde fått liknande svulstar eller andre symptom på alvorleg sjukdom.

Men han fekk ikkje svar.

– Eg kan ha vore ein av dei første som kan stå fram etter å ha fått ein svulst som dette, så dette må dei ta alvorleg, seier den tidlegare FN-soldaten.

– Alvorleg svikt

– Det som har hendt her er ein alvorleg svikt, seier brigader Dag Hjelle som er sjef for medisinsk avdeling i Forsvarets Sanitet.

– Henvendelsen hans blei gjennomgått av lege ved poliklinikk, som fann at han hadde fått den helsehjelpa han hadde behov for eller krav på. Så fekk han ikkje tilbakemelding, og det er her det har hendt ei alvorleg svikt, seier Hjelle.

Kvifor har de ikkje lagra data, som er relevant for soldatanes helse?

– Vi gjorde ei risikovurdering i forhold til Kosovo, der vi ville undersøke om det var radioaktiv stråling. Vi sende med ingeniørgrupper med den første styrken, og fann at det var mykje mindre stråling enn først antatt. Då fokuserte vi på andre område der behovet var større, svarar Hjelle.

– Vi kan ikkje sjå at man har tapt noko på å ikkje ta vare på målingane frå dosimeter. Vi har vurdert skadeproblematikken kontinuerleg og undersøkt soldatar. Vi har ikkje funne noko i vårt materiale som tyder på at vi tok feil, seier Hjelle.

Likevel blir data i dag tatt vare på i eit register, som vil gje data over tid.