No skal framlegget ut på høyring.
Bakgrunnen for framlegget er den store pågangen av folk som ynskjer å kjøpa landbrukseigedomar for å bruka dei som fritidseigedomar.
Vil ha varig driveplikt
I framlegget står det mellom anna at regjeringa vil innføre varig driveplikt for alle som bur på gardar.
– Eg vil sjå til at dei som kjøper landbrukseigedomar, bur der og driv gardane. Buplikta er ein føresetnad for næringsutvikling på bygda, seier Riis-Johansen.
Framlegget inneber endringar i odelslova, og i konsesjons- og jordlova. Statsråden seier at framlegget til nytt lovverk vert lagt fram for Stortinget til hausten.
– Eit stort steg i feil retning, seier Høgre.
Les òg:
Vil unngå rettstvistar
Ei undersøking i fjor synte at ni av ti av dei som søkjer fritak frå buplikta, får fritak. Dette førte til eitt heitt ordskifte om framtida for buplikta i landbruket, og det er dette ordskiftet Riis-Johansen grip rett inn i med endringsframlegget sitt.
Samstundes som Riis-Johansen vil skjerpa lov- og regelverket, vil han ha færre unnataks- og fritaksføresegner slik at reglane vert enklare og lettare å handheva.
I dag opnar føresegnene for at det kan brukast skjønn i stor grad, og det legg grunnlag for rettstvistar i samband med kjøp av landbrukseigedomar.
– Eg ynskjer ikkje eit regelverk som innbyr til rettslege prosessar, sa Riis-Johansen tysdag.
Oppjusterer grenser
Tal frå Landbruksregisteret syner at det i 32 prosent av tilfella er usikkert om kjøp av landbrukseigedom er knytt til buplikt. Denne usikkerheita er heng saman med at skjønn som går på om eigedomen kan nyttast til landbruksdrift.
– Det er denne prosentdelen eg vil gjere noko med, seier landbruks- og matministeren.
Og det vil han som sagt gjere ved å skjerpa reglene for bu- og driveplikt på den eine sida, og ved at han på den andre sida oppjusterer grensene for storleiken på landbrukseigedomar som kan overtakast utan å koma inn under bu- og driveplikta.