21.11.2009

Felles front frå Greenpeace og Frp

Frp og Greenpeace (Fotomontasje)

Greenpeace og Frp går saman mot det dei meiner er uansvarleg bruk av miljømilliardar.

Miljørørsla Greenpeace og Framstegspartiet går saman i ein uvanleg allianse.

Begge meiner fullskala rensing av Kårstø er uansvarleg bruk av pengar, og utfordrar regjeringa til å bruke pengane langt mer effektivt.

- Hovedutgiftene i regjeringas prosjekt på Kårstø er energiutgifter, betong og stål. Pengane burde vore brukt på kunnskapsutvikling, seier miljøpolitisk talsmann Ketil Solvik-Olsen i Framstegspartiet.

Vil ha ny teknologi

- Regjeringa bør skrinlegge CO2-fangst og -lagring ved gasskraftverket på Kårstø. Dei bør heller bruke milliardane til å utvikle ny teknologi, og kjøpe klimakvotar i utlandet, meiner Truls Gullowsen i Greepeace.

Og Greenpeace er dermed på linje med Frp. Dei to viser til at om CO2-renseanlegget er i drift i 25 år, vil det gi ein totalkostnad på 17,5 milliardar kroner og rense maks 25 millionar tonn CO2.

Pengane vil dei heller bruke slik:

  •  Bygg fem pilotanlegg for CO2-rensing, test ut eit spekter av teknologiar. Kostnad: Fem milliarder kroner. Kan ligge på Kårstø, Melkøya, Statkraft i Tyskland, eit kullkraftverk i Kina og eit i USA
  •  Sett av 2,5 milliardar kroner til klimakvotekjøp for å gjere Kårstø-gasskraftverket klimanøytralt
  •  Bruk ti milliardar kroner til utvikling av CO2-rense/fangst/lagre-teknologi 

- Bodskapet er viktigast

Kraftanlegget på Kårstø vil sleppe ut ein million tonn CO2 kvart år.

Målet i Soria-Moria var at alt dette skulle bli fanga og lagra i havbotnen innan 2009. Seinare har regjeringa utsett planane eit par år. Dette har møtt protestar frå miljørørsla.

Greenpeace har heile tida vore mot bygging av Kårstø-anlegget fordi dei meiner Noreg kan spare mykje strøm på å bygge ut fornybar energi.

Men no er dei altså på same side som Frp.

Begge meiner milliardane eit fullskala renseanlegg på Kårstø vil koste heller bør bli brukt til å kjøpe CO2-kvoter i utlandet, og til å utvikle ein betre og billigare renseteknologi.

- Bodskapet er viktigare enn kven ein er einig med, seier Gulowsen.

(NRK)

Siste innenriks

Siste utenriks

Ansvarlig redaktør Hans-Tore Bjerkaas - Opphavsrett NRK © 2009 - Kontakt NRK