Unge Høgre vil ha forbod mot nikab og burka i offentleg rom
Ungdomspartiet Unge Høgre har landsmøtet, og har vedteke å gå inn for eit forbod mot nikab og burka i det offentlege rom. 138 stemte for og 98 stemte mot.
– Dette er noko eg har kjempa for lenge, og det er veldig deilig med gjennomslag på dette, fortel Arina Aamir som er styremedlem i Oslo Høgres Kvinneforum.