Kvinnedagen blei markert for første gong i Noreg i 1915, då den russiske feministen Aleksandra Kollontaj gjekk på talarstolen under eit stort fredsmøte i Oslo.
I dag, hundre år etter, markerte både kvinner og menn 8.mars rundt om i heile Noreg. Like rettigheiter, likeløn og slutt på vald mot kvinner er blant dagens kampsaker.
– Kvinnekampen er like viktig i dag som det den har vore gjennom historia , seier Siavash Mobasheri, som var til stades under markeringa i hovudstaden.
Solberg: – Arbeidsmarknaden er for kjønnsdelt
Statsminister Erna Solberg (H) feira dagen på kvinnekonferansen i Drammen.
Ho meiner me har ein veg å gå.
– Me har ein for kjønnsdelt arbeidsmarknad. Mange innvandrarkvinner får ikkje ta del i mange av dei rettane me har i samfunnet vårt, fordi dei ikkje har god nok utdanning eller deltek i arbeidslivet. I tillegg har me ei stor utfordring når det gjeld vald mot kvinner, seier Solberg til NRK.