Rune Øygard - Rune Øygard har vore ordførar i Vågå i 16 år. No tek han permisjon medan saka mot han pågår. NRK

Rune Øygard har vore ordførar i Vågå i 16 år. No tek han permisjon medan saka mot han pågår.

Foto: NRK

Overgrepstiltalt ordførar søker permisjon

Rune Øygard søker permisjon frå vervet som ordførar i Vågå. Ordføraren er tiltalt for seksuell omgang med ei mindreårig jente.

Den overgrepstiltalte Ap-ordføraren i Vågå søker om permisjon frå vervet fram til Sør-Gudbrandsdal tingrett har avslutta behandlinga av saka mot han.

Søknaden om permisjon omfattar alle verv han har som ordførar.

LES: Oppland Ap tar ikke stilling til Øygards verv i Vågå kommune

LES: Politiet ønsker tiltale mot Vågå-ordfører

Ordføraren er sjukmeldt, og det er varaordføraren som har teke over ansvaret medan Øygard er borte. Han har meir eller mindre vore sjukmeldt sidan han blei meldt for overgrepet i fjor haust.

I mellomtida har han arbeidd i ei 20-prosentsstilling for kommunen der han behandlar næringssaker.

Øygard vil bruke tida fram til rettssaka på å førebu forsvaret i saka, heiter det i ei pressemelding frå advokaten hans.

BAKGRUNN: Ordføreren i Vågå overgrepstiltalt

Av omsyn til kommunen

Vågå kommune - Øygård er ordførar i Vågå kommune - Foto: Elin Fossum /

Øygård er ordførar i Vågå kommune

Foto: Elin Fossum

I ei pressemelding frå advokaten hans står det at Øygard søker permisjon av omsyn til kommunen.

Dette gjer han fordi han ser at det vil ta tid før saka blir avslutta.

Øygard har heile tida hevda at han har vore uskuldig. På ei pressekonferanse i november sa han at han ikkje vil vere ordførar så lenge han er sikta for overgrepet.

– Ordførarvervet er så krevjande at det er umogleg å gå inn i det med delvis styrke og energi og heilt umogleg med dette hengande over meg, sa Øygard på pressekonferansen.

LES: Overgrepa skal ha starta i Vågsøy

LES: Øygard vil renvaske seg i retten

Tiltalt for overgrep mot 13-åring

Han ønskjer å skape mest mogleg ro, ikkje minst for bygda og bygdefolket, og ønskjer å takke for støtta han har fått frå nærmiljøet, heiter det i pressemeldinga.

LES: Oppland Ap tar ikke stilling til Øygards verv i Vågå kommune

AP-ordføraren i Vågå er tiltalt for seksuell omgang med ei mindreårig jente.

Det første overgrept skal ha skjedd då jenta var under 14 år, ifølgje tiltalen frå Hedmark og Oppland statsadvokatembeter.

Det er opp til kommunestyret i Vågå å ta stilling til permisjonssøknaden.