Hopp til innhold

NHO: Slik kan vi byggje veg og jernbane raskare

Utbygging av veg, jernbane og kollektivtransport i byane går framleis for sakte, meiner NHO, og ber Stortinget auke løyvingane til 65 milliardar kroner i året.

Veibygging Bagn

Løyvingane til samferdsel må aukast med 73 prosent, meiner NHO.

Foto: Geir Røed / NRK

Fleire stamvegar og betre jernbane over heile landet må til, meiner NHO. Like eins er det naudsynt å doble kapasiteten for kollektivtransport i byane.

Ei slik kraftsatsing vil binde bu- og arbeidsmarknadsregionane saman. Det gjer det lettare å opprette færre og meir slagkraftige kommunar her i landet, skriv NHO i ein rapport som vert lagt fram torsdag.

Vil auke ambisjonane

Sjølv om løyvingane har auka dei siste åra, er nivået framleis lågt etter fleire tiår med underinvesteringar, meiner NHO. Dei anbefaler difor at Stortinget aukar pengane til samferdsel til 65 milliardar kroner i året, noko som utgjer ein auke på 73 prosent.

Veibygging Bagn

Løyvingane til samferdsel må aukast med 73 prosent, meiner NHO.

Foto: Geir Røed / NRK

Samla vert investeringsramma til Nasjonal transportplan 2018–2029 på 780 milliardar kroner, inkludert bompengar.

Meir pengar vil det gjere det mogleg med ei raskare bygging av dei viktigaste motorvegane på Austlandet, E39 langs vestlandskysten, intercitysatsinga rundt Oslofjorden og fleire storsatsingar i Trøndelag og Nord-Noreg, argumenterer NHO i rapporten.

Med ei slik ramme kan ein dessutan klare å hente inn vedlikehaldsetterslepet på veg og bane i løpet av perioden, heiter det.

– Vi meiner det er grunnlagt for å auke ambisjonane i perioden fram mot 2030. Mange av dei tunge investeringsprosjekta vert bygd i denne perioden og det økonomiske handlingsrommet vil vere størst, skriv NHO.

Kutt i planleggingstida

Dersom ein skal trappe opp samferdselssatsinga på denne måten, er det naudsynt å legge fram fleire føresetnader til grunn, konkluderer rapporten. Midlane må brukast effektivt og på ein slik måte at prosjekta vert gjennomført raskt:

  • Planleggingstida må halverast frå ti til fem år.
  • Det inneber auka bruk av statleg plan, betre koordinering av arbeid
  • Ei meir effektiv innsigelsesordning.
  • Bruk av finansierings- og gjennomføringsmodellar som stimulerer til auka gjennomføringskraft.
  • Vurder å samle dagens transportetat i eit felles samferdselsdirektorat.
  • Prioriteringar innan samferdselssektoren må i større grad sjåast i samanheng med anna samfunnsutvikling.

Klimaomsyn

NHO peikar på at transportsektoren står for ein tredel av klimagassutslepp i Noreg, og at det er eit stort behov og potensial for klimavenlege løysingar.

Kapasiteten i kollektivtilbodet i byane bør doblast i rushtida innan 2040, heiter det i rapporten. Det må også stillast krav til kommunane om fortetting rundt knutepunkt.

I tillegg er det naudsynt å sjå på flyplass- og hamnestrukturen- Godstransport må sikrast eit meir føreseieleg system, inkludert modernisering av terminalane, slik at varetransport blir meir effektivt og klimavenleg, meiner NHO.

AKTUELT NÅ