Hopp til innhold

18 av 19 mobilselskap får refs for 4G-skryt

Mobilselskapa gjer seg større og sterkare enn dei faktisk er, når dei reklamerer for 4G-dekninga si. 18 av 19 mobilselskap bryt marknadsføringslova.

PC med 4G-modem

Netcom har «superdekning» og «superraskt 4G-nett» ifølgje påstandane i eigenreklamen. Men Forbrukarombodet seier dette ikkje seier nok om kva fart forbrukarane faktisk får.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Forbrukarombodet har sjekka kva mobilselskapa lover i reklamen og på nettsidene, og konkluderer med at forbrukarane framleis ikkje får god nok informasjon om fart på ei rekkje mobilabonnement.

Blant dei 19 mobilselskapa som tilbyr abonnement, florerer påstandar om «superrask» eller «lynrask» 4G-fart. Men framleis informerer nesten ingen av dei godt nok om kva for ei fart forbrukarane faktisk kan vente seg å få, og kva faktorar som påverkar farta.

– Informasjon i sirupstempo

Gry Nergård

Forbrukarombod Gry Nergård er skuffa over at mobiloperatørane ikkje har skjerpa seg.

Foto: CF-WESENBERG

– Sett på spissen, så opplever vi at reklameringa av fart går i 4G-fart, medan viljen til å gi kundane dekkande informasjon framleis går i sirupsfart, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Forbrukarombodet har tidlegare fått klager frå forbrukarar som kjenner seg lurte fordi operatørane ikkje har opplyst om at 4G-farta kan verte svært svekka av ei rad faktorar.

Mobiloperatørane fekk brev frå Forbrukarombodet i desember 2014 med ein frist for å ordne opp. Alle selskap stadfesta at dei skulle innretta seg etter dette.

Dei 18 selskapa som ikkje har orden på 4G-marknadsføringa er Lycamobile, Chili Mobil AS, Tele2, NextGentel AS, PepCall AS, Banzai 4G, MyCall, OneCall, Primafon, Djuice, Talkmore, Chess, Hello, Netcom, Telio, Telipol, Phonero og Xito.

Ombodet har difor stilt krav til alle mobiloperatørane om at all marknadsføring av mobilabonnement eller datapakkar må innehalde opplysningar om kva slags nedlastingsfart forbrukarane kan vente seg ved normal bruk, og kva for faktorar som påverkar farta.

– Komplisert å forklare

Hanne Løvstad

Hanne Løvstad i Netcom seier at

Foto: Tele2

Hanne Løvstad i Netcom seier at det er komplisert å informere om den reelle farten i eit datanettverk fordi mange ulike faktorar verker inn.

– Det er vanskeleg å seie kva eksakt hastigheit vert, fordi både geografi og talet på samtidige brukarar vil påverke dette, seier ho.

Ho seier at Netcom er oppteke av å ikkje villeie kundane og at dei skal endre på teksten i reklame og på nettsida som i dag lover «superdekning» og «superraskt 4G-nett».

Lita skrift

Forbrukarombodet seier at dette er ein marknad som det er vanskeleg for forbrukarane å orientere seg i, og at det difor er viktig at dei får klar og tydeleg informasjon, slik at dei enkelt kan vurdere ulike tilbod opp mot kvarandre.

Nergård seier at mange fortel om dette i så lita skrift, eller så fort i radioreklame, at det ikkje er mogleg å oppfatte.

– Dersom det skal vere vits i at dei seier ifrå, må dei jo seie ifrå sopass at vi skjønar det, seier Nergård.

– Det er ikkje godt nok i seg sjølv å seie «superraskt». Dei skal seie at det varierer med abonnement, etter kva for ein telefon du har og kvar du oppheld deg hen, understrekar Nergård.

AKTUELT NÅ