Hopp til innhold

Kan framleis gi blaffen i å betala

Det nye kravet om obligatorisk bombrikke gjer det ikkje lettare å krevja inn uteståande pengar frå utanlandske vogntog. Framleis er det i praksis «frivillig» for utanlandske lastebileigarar å gjera opp for seg.

Bompassering ved Krambua på E39 (Foto: Kristine Askvik)

Norske styresmakter har framleis få moglegheiter til å krevja inn pengar frå utanlandske lastebilar som får gebyr for manglande bombrikke i Noreg (arkivfoto).

Milian Myraunet

Milian Myraunet er styreleiar i Norvegfinans, bompengeselskapa sin interesseorganisasjon.

Foto: St. Olavs hospital

Nesten to tredelar av utanlandske vogntog gir blaffen i å betala bompengar i Noreg.

Å få ei meir effektiv innkrevjing av bompengar frå utanlandsk transportnæring er eit hovudmål med den ferske forskrifta om obligatorisk bombrikke for tunge køyretøy.

Men dersom utanlandske lastebileigarar vel å ikkje betala, har bompengeselskapa like få tvangsmiddel som før.

– For dei som vel å køyra utan brikke og avtale, så er det ikkje blitt lettare enn før å få tak i pengane dei skuldar, fortel styreleiar Milian Myraunet i Norvegfinans, bompengeselskapa sin interesseorganisasjon.

– Kan gje blanke i å betala

Geir A. Moe

Innkrevjingsmoglegheitene er lik null når utanlandske lastebilar får bøter eller gebyr, seier Geir A. Mo. Han er administrerande direktør i Norges Lastebileier-Forbund (NLF).

Foto: Bente H. Johansen / NRK

I staden for å få rekning i posten etter passering i bomringen, skal alle lastebilar (sjå faktaboks) no ha bombrikke og gyldig Autopass-avtale. Blir du stoppa i kontroll utan brikke, vankar eit gebyr på 8000 kroner.

Sidan nyttår har Vegvesenet skrive ut gebyr for over elleve millionar kroner til lastebileigarar som ikkje har gyldig brikke. To av tre er utanlandske.

Norske styresmakter risikerer dermed å gå glipp av millioninntekter.

Også Norges Lastebileier-Forbund (NLF) meiner at dette er eit problem.

– Problemet er dei utanlandske bilane, særleg dei austeuropeiske. Der er innkrevjingsmoglegheitene lik null. Dei får bøter og gebyr, men kan i praksis berre gje blanke i å betala. Då fortset den skeive konkurransen, seier administrerande direktør i NLF, Geir A. Mo.

Vurderer lovendringar

Både NLF og Norvegfinans meiner at Autopass og gebyr bør knytast til eit kredittkort eller ein annan betalingsgaranti.

– Bruk av kredittkort er innført i mange land. Det har bomselskapa tilrådd utan at det er innført i Noreg enda. Det er ei rettferdig ordning som sikrar at alle betalar for seg, seier Myraunet i Norvegfinans.

Vegdirektoratet opplyser at ei kredittkort-ordning er oppe til vurdering i Samferdselsdepartementet.

Direktoratet har i tillegg føreslege lovendringar som gjer det mogleg for Vegvesenet å halda tilbake vogntog fram til gebyret er betalt, eller til det er stilt sikkerheit for summen.

– Lovforslaget er til handsaming i Samferdselsdepartementet. Inntil vidare må me innfinna oss med at me ikkje kan følgja opp einskilde av utlendingane som ikkje betalar gebyr, seier avdelingsleiar for tilsyn og kontroll i Vegdirektoratet, Sonja Lindqvist.

AKTUELT NÅ