Hopp til innhold

Fryktar nye utgifter - men slurvar med sjekklistene

Ei undersøking som Forbrukarrådet har gjort viser at berre halvparten av alle bustadkjøparar som las all tilgjengeleg informasjon om bustaden før dei la inn bod.

Boligbebyggelse øst i Oslo

Einaste ord i eigenerklæringsskjemaet som fortel om ein skade, kan gjere at kjøparen misser sjansen til å klage overfor seljar eller eigarskifteforsikringsselskapet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Dette opplyste direktør i Forbrukarrådet , Randi Flesland, på ein pressekonferanse i Oslo i dag. Undersøkinga viser at også at tre av fire bustadkjøparar brukte under to timar på å gå gjennom bustaden før dei la inn bod. 46 prosent brukte under ei time.

– Dette gir grunn til uro. Det er viktig å lese rapporten frå takstmannen før ein går på vising og å undersøkje alt nøye på visinga. Har ein fått feilinformasjon, har ein ikkje noko å klage på. Denne gruppe utset seg for stor risiko. Det er viktig å lese all informasjon før ein legg inn bod, seier Flesland.

LES OGSÅ: Forbrukarstorm mot slankeprodukt

– Viktig å lese alt

Ho meiner ein bustadkjøpar helst bør lese alt før visinga, og at takstmannen si vurdering og eigenerklæringsskjemaet frå seljaren er heilt avgjerande.

– Husk at eitt einaste ord i rapporten som fortel om ein skade, kan gjere at kjøparen misser sjansen til å klage overfor seljar eller eigarskifteforsikringsselskapet, legg ho til.

Randi Flesland seier det er i samsvar med Forbrukarrådet sine erfaringar at kjøparar overser viktig ting før dei legg inn bod.

Ein bør sjekke forhold som verkar uklare eller har risiko på visinga.

Ein ekstra dag

Direktør i Forbrukarrådet, Randi Flesland.

Randi Flesland minner om at det er viktig å lese all informasjon om ein bustad grundig før vising.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Forbrukarrådet har no fått gjennom ein ekstra dag frå vising til kontrakten skal underskrivast. Tidlegare kunne kontrakten underskrivast dagen etter vising, men no blir det lagt inn ein ekstra dag før den endelege underskrivinga kan skje.

Undersøkinga frå Forbrukarrådet viser også at mange bustadkjøparar fryktar at tilstanden til bustaden er dårlegare enn venta, og at det vil føre til store uventa utgifter.

– Det er eit paradoks at så mange brukar så kort tid på å gå gjennom bustaden, samstundes som dei er redde for uventa utgifter, meiner Randi Flesland.

47 prosent av dei under 30 år er uroa for uventa utgifter på bustaden. 37 prosent av alle potensiell kjøparar trur at dette vil vere den største uroa deira også neste gong dei skal kjøpe bustad, går det fram av undersøkinga.

– Viktig med vurdering

Undersøkinga viser også at åtte av ti meiner det er viktig at ein kyndig takstmann gir si vurdering av marknadsverdien på ein bustad før dei legg inn bod. Dette verkar vere mest viktig for dei som er 45 år eller eldre. Nesten ni av ti meiner at det er viktig at ein kyndig takstmann gir si vurdering av tilstanden på ein bustad før dei legg inn bod.

Undersøkinga er gjort av Norstat for Forbrukarrådet.

Åtte gode råd til bustadkjøparar

AKTUELT NÅ