NRK Meny
Normal

Forbrukarstorm mot slankeprodukt

Slankeplaster og slankepiller er nye produkt på ti på topp-lista til Forbrukarrådet over kva det norske folk klagar på.

Mange klager på nettfirma

På Gulesider.no er det mange misfornøyde brukere som klager på Uno Life. Nå advarer forbrukerombudet mot Uno Life og Mediplaster.

Foto: Skjermdump: Gulesider.no

Hittil i år har 41.919 nordmenn vendt seg til Forbrukarrådet , anten for å få råd eller for å klage. Det er framleis bustad og bruktbil som er på toppen av lista, men direktør Randi Flesland i Forbrukarrådet ropar no varsku om det ho kallar useriøse nettselskap.

Klagene gjeld særleg to selskap, Mediplaster og Uno Life.

– Klagestorm

Direktør i Forbrukarrådet, Randi Flesland.

Direktør Randi Flesland i Forbrukarrådet kan fortelje om ein klagestorm på slankeprodukt første halvår i år.

Foto: Bent Tandstad / NRK

– Det har vore ein klagestorm mot desse selskapa i første halvår. Dei som klagar meiner dei har fått varer dei ikkje har bestilt, eller at dei får rekning for eit abonnement dei ikkje kjende til, seier Randi Flesland.

Slik klager du på feil faktura

328 menneske har vendt seg til Forbrukarrådet hittil i år om Mediplaster, eller Duck Media AS, som selskapet eigentleg heiter. Berre i juni i år har 186 menneske klaga på selskapet Uno Life.

Det har ikkje lukkast NRK.no å få ein kommentar til dette korkje frå Mediplaster eller Uno Life.

Randi Flesland meiner det er svært viktig at forbrukarane set seg inn i angrerettslova, som nyleg er blitt skjerpt.

– Dersom ein får eit krav frå eit selskap ein ikkje har avtale med eller som ikkje har opplyst om angreretten ved kjøp på nettet, treng ein ikkje på nettet. Og det er dei som har sendt kravet som har bevisbyrda for at alt ikkje har gått rett føre seg, ikkje forbrukaren, seier Flesland.

LES OGSÅ: Fryktar nye utgifter - men slurvar med sjekklistene

– Ekstra tryggleik

Den nye angrerettslova , som gjeld for heile EØS-området. Lova stiller ekstra krav til opplysning om angreretten ved sal av produkt eller tenester. Dersom opplysningane er for dårlege, blir angreretten forlenga. Det gir forbrukaren ekstra tryggleik mot useriøse seljarar.

Randi Flesland la i dag fram tala for første halvår i år på ein pressekonferanse i Oslo. Ho meiner det også er ting å glede seg over på statistikken, som at stadig fleire forbrukarar er opptekne av forholdet mellom mat og helse.

– Dette er ei gladsak. Engasjementet vårt for at forbrukaren skal vite kva dei får i seg av kjemikaliar viser seg ved at folk tek kontakt med spørsmål om mat og helse.

Bilkjøp på topp

Krangel om bilkjøp er framleis på klagetoppen, og særleg då sal mellom privatpersonar. Men det er registrert ein liten nedgang i første halvår i forhold til same perioden i fjor.

Likevel så hamnar eitt av fire bilkjøp mellom privatpersonar med konflikt.

– Vi kan håpe årsaka er at folk følgjer råda våre og sjekke om det er feil ved bilen på ein verkstad før avtalen blir inngått, og at ein brukar kontrakt, seier Randi Flesland. Ho meiner at Forbrukarrådets bilkontrakt og tapsliste er eit godt verktøy for eit sikkert bilkjøp eller bilsal.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger