Hopp til innhold

Helsedirektoratet går bort ifrå eigne råd: – Ikkje naudsynt å sjekke helsa til alle nye asylsøkarar.

Berre eit år etter å ha råda sitt eiga departement til førstegongsundersøking av den psykiske helsa til nye asylsøkarar, meiner Helsedirektoratet no at det ikkje er naudsynt.

Asylsøkere KIRKENES

ENDRA SYN: Helsedirektoratet meiner det ikkje er noko poeng å bruke ressursar på helsejsekk av alle nye asylsøkarar. I fjor meinte direktoratet det motsette.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Me trur ikkje det vil vera ein riktig bruk av ressursane vore samla, å kartleggja den psykiske helsa til alle asylsøkarar som kjem, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.

Men i ein rapport som blei sendt til Helse- og omsorgsdepartementet i fjor, var tonen frå Helsedirektoratet annleis. Der gjekk det nemleg fram at manglande helsesjekk av asylsøkarar når dei kjem til landet blant anna kan føre til at:

Bjørn Guldvog

RESSURSKREVJANDE: Det er ikkje nok ressursar til å drive helsesjekk av alle nyankomne asylsøkarar, meiner helsedirektør Bjørn Guldvog.

Foto: Helsedirektoratet
  • Søkaren utgjer ein fare for seg sjølv og andre
  • Søkaren ikkje får naudsynt oppfølging og tilrettelegging under asylprosessen
  • UDI, mottaka og helsetenestene bruker unødvendig mykje ressursar fordi relevante opplysningar kjem seint i asylprosessen

Derfor foreslo Helsedirektoratet saman med Utlendingsdirektoratet å innføra førstegongshelseundersøking tidleg, for å avdekka fysiske og psykiske helseproblem.

– Feil å sjekke alle

Det kom nesten 20.000 fleire flyktningar i fjor enn året før, og det er venta endå fleire i år, seier Guldvog.

– Det er ikkje alle som får bli i landet, ein del vil jo bli returnerte. Dermed blir det feil å bruke ressursar på helsesjekk av alle i ein tidleg fase, seier han.

Helsedirektoratet har drøfta spørsmålet om helsesjekk av nye asylsøkarar med Nasjonalt råd for prioritering i helse- og omsorgstenestene, opplyser Guldvog.

Direktoratet rår heller kommunane å tilby helseundersøking innan tre månadar, og det kan vera grunn til å vente i dei tre månadane, seier helsedirektøren.

– Mange av dei som har problem vil klare å ordne opp i dette sjølve innan den tid, meiner han.

– Dessutan har alle asylsøkarar rett til å søka helsehjelp på lik linje som alle andre, presiserer han.

– Ein humanitær skandale

Menneskerettsutvalet i Psykologforeininga seier Helsedirektoratet både skaper forvirring og slår seg sjølv på munnen.

Karl Eldar Evang, psykologspesialist

SKANDALE: – Det er ein humanitære skandale at den psykiske helsa til nyankomne flyktningar ikkje vert sjekka, seier psykolog Karl Eldar Evang.

Foto: NRK

– Dette er ein humanitær skandale, seier psykolog Karl Eldar Evang.

Mange asylsøkarar som kjem til Noreg har vore utsette for krig og alvorlege overgrep, seier Evang. Han meiner Helsedirektoratet veit veldig godt at det er viktig å plukke opp dei som har behov for hjelp ganske tidleg.

– Trippeldrapet i Årdal, der ein asylsøkar tok livet av tre personar på Valdressekspressen i 2013, er eit av fleire eksempel på kvifor det er viktig med snarleg helsesjekk av nye asylsøkarar, seier han.

Evang meiner at mange traumatiserte asylsøkarar og flyktningar får hjelp altfor seint i Noreg.

– Det tar i gjennomsnitt elleve år før menneske som har opplevd alvorlege krigshandlingar kjem i behandling, seier han, og viser til ei studie gjennomført av psykolog Sverre Varvin.

AKTUELT NÅ