Hopp til innhold

Erna: – Jens har mange gode kvalifikasjonar

Det er positivt for norsk tryggingspolitikk dersom Jens Stoltenberg blir ny generalsekretær i forsvarsalliansen NATO, meiner statsminister Erna Solberg (H).

Det sier sentrale kilder i prosessen til avisa Aftenposten.

Jens Stoltenberg blir den 13. generalsekretæren i forsvarsalliansen NATO, melder Aftenposten. Positivt for norsk tryggingspolitikk, seier statsminister Erna Solberg.

– Det er ein blome både til Noreg og til Jens Stoltenberg at han blir nemnd i desse spekulasjonane, seier statsminister Erna Solberg til NRK.

Søndag melde Aftenposten at Arbeidarpartileiar Jens Stoltenberg blir arvtakaren til dagens danske generalsekretær, Anders Fogh Rasmussen.

Avisa skal ha fått dette stadfesta frå svært sentrale kjelder med eit lite atterhald, ettersom prosessen med å velja ein ny leiar framleis ikkje er avslutta.

– Konsensusorientert politikar

– Utifrå våre kjelder, som er svært sentrale, så blir det Jens Stoltenberg, seier politisk redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle, til NRK.

– Eg er heilt sikker på at det er slik det ligg an no, men det er ein prosess som ikkje er heilt i mål, dermed kan det alltid dukka opp ting som me ikkje veit om i dag. Eitt eller fleire land kan seia blankt nei til Stoltenberg. Han er ingen kontroversiell politikar. Likevel kan dette skje, men det er ikkje sannsynleg slik stoda er i dag, legg Stanghelle til.

Statsminister Erna Solberg trur Stoltenberg blir trekt fram som ein sterk kandidat fordi han er godt kvalifisert og godt likt av toppleiarar i vestleg politikk.

– Jens Stoltenberg er ein person med mange gode kvalifikasjonar. Han er ein konsensusorientert politikar. Dei som har jobba med han, seier han er flink på prosess, noko han gjerne også blir kritisert for fordi ein vil ha avklaring med ein gong på einskilde saker, meiner Solberg.

Statsminister Erna Solberg kommenterer ryktene om Stoltenberg som ny NATO-sjef, og samtidig litt om hva som er viktig i jobben.

Stoltenberg tema på NATO-toppmøte

Måndag reiser Solberg til Haag for å delta på NATO-toppmøtet der over halvparten av medlemslanda deltek. Temaet for møtet er atomtryggleik.

Samtalane kjem også til å dreia seg om krisa i Ukraina og spørsmålet om kven som skal ta over leiarvervet i forsvarsalliansen.

– I den situasjonen me er i no, ville det vore bra å fått ei rask avklaring på kven som skal bli ny generalsekretær i NATO, seier statsministeren.

På NATO-møtet i Haag møter Solberg blant anna den amerikanske presidenten Barack Obama, den britiske statsministeren David Cameron og den tyske forbundskanslaren Angela Merkel. Dette er alle leiarar for mektige NATO-land som har gitt uttrykk for at dei ønskjer at Stoltenberg tek over roret i alliansen.

– Argumenta for Stoltenberg dreier seg om den kjennskapen alle desse leiarane har til hans lange virke som statsminister i Noreg og deltaking internasjonalt, meiner Solberg.

– Positivt for Noreg

Det er positivt for Noreg i eit tryggingspolitisk bilete å ha ein generalsekretær i NATO som har kunnskap om norske område og nærområde, påpeikar Solberg:

– Me har hatt ein fordel med den danske generalsekretæren dei siste åra med den kunnskapen ein dansk tidlegare statsminister har om nordområdeproblematikk og dei utfordringane me står overfor. Den same fordelen vil me få med ein norsk generalsekretær.

Andre namn som skal vera aktuelle er tidlegare utanriksminister i Italia Franco Frattini, den polske utanriksministeren Radoslav Sikori og leiaren for EU-kommisjonen, portugisaren José Manuel Barroso.

Det er sannsynleg at den endelege avgjerda blir offentleggjort i løpet av utanriksministermøtet i Brussel tysdag og onsdag.

Stoltenberg har sjølv korkje stadfesta eller avkrefta sitt kandidatur. Sist onsdag sa han følgjande til Dagsnytt 18 på NRK:

– Det er klart at det er hyggeleg at eg blir nemnd og at det er land som ønskjer meg til ein slik posisjon. Men dette handlar om mange land og om ein stor organisasjon. Det handlar også om avgjerder som er viktige for mitt liv og for Arbeidarpartiet og andre ting som eg da skal handtera på ein ryddig og ordentleg måte.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger