Hopp til innhold

Dårlege dyreeigarar risikerer gebyr

Sommaren er høgsesong for dumping av kjæledyr. I fjor tok Dyrebeskyttelsen i mot nesten 5 500 dyr. Men det som er nytt denne sommaren, er at dårlege dyreeigarar no risikerer eit stort gebyr.

I fjor tok dyrebeskyttelsen i mot nesten fem og et halvt tusen hjemløse dyr. 
Mange dumpes eller forlates av eierne sine. 
Det er noe vi dessverre hører om, spesielt i ferietider.
Dårlige dyreeiere risikerer i år et stort gebyr.

Dette er første sommaren der Mattilsynet kan gi gebyr for dumping av kjæledyr.

– Ein skulle tru at ein etter kvart vart immun mot sjokket over kva menneske kan gjere mot eit dyr. Men når ein ser alle dyra som vert offer for folk sin ferie, så er det heilt ubegripeleg, seier dagleg leiar i Dyrebeskyttelsen Norge, Linn Krogstad.

Ho har bileter av kattar som har blitt dumpa. Et er av ein kattunge med ein stygg infeksjon i auget. Et av ein tydeleg sjuk og pjuskete katt. Han vart funnen dumpa i ein søppelcontainer.

I år kan Mattilsynet straffe eigarane

– I fjor fekk vi inn 5 500 dyr til saman i våre avdelingar, nesten 90 prosent var kattar, seier Krogstad.

Dei to siste åra har auken vore i overkant av 36 prosent. Dette er berre Dyrebeskyttelsen sine tal åleine.

Det som er nytt i år er at Mattilsynet kan straffe dei som vert tekne for å forlate dyret i hjelpelaus tilstand.

Fødde i pappøskje 2

Denne kattemora med tre nyfødde kattungar vart funne i ei lukka pappøskje for nokre få veker sidan. No er dei trygge og friske hos fostermor.

Foto: Privat

Kattungar fødde i lukka øske

I ein privat heim på Austlandet spring tre friske kattungar rundt på golvet. Dei vart funne av ein turgåar i lag med kattemora i ei lukka pappøskje. Truleg vart dei fødde i den lukka øska.

– Dette er Ervin, han er guten i familien, og der borte er Rosetta seier Susanna Lybæk, og peikar på ein livleg kattunge på eit par månader, godt på veg opp den eine gardina. Lybæk er fostermor for dei fire kattane.

Den som dumpa kattane, risikerer å måtte betale opptil 17 200 kroner i gebyr frå Mattilsynet. Dersom dei finn ut av kven det var.

Fosterfamilie

Susanna Lybæk er fostermor for kattemora og dei tre kattungane. Her helsar ho på Ervin, medan Rosetta er på veg opp gardina.

Foto: NRK

«Ferieallergi»

Hos Foreningen for omplassering av dyr i Oslo seier Stine-Mari Jansen at halvparten av kattane dei har inne, er dumpa av eigarane.

– Nokre seier rett ut at dei skal på ferie og ikkje har nokon plass å gjere av katten. Andre har fått plutseleg allergi. Vi har så mange tilfelle av allergi no i feriemånadene at vi kallar det «ferieallergi», seier Jansen.

Ho er usikker på om gebyr-trugselen frå Mattilsynet vil ha nokon verdi.

– Først må ein jo verte teken på fersken. Det er sjeldan. Og når 99 av 100 dumpa kattar ikkje er ID-merka, så klarer ein sjeldan å spore den tilbake til eigaren, seier Jansen.

Trur gebyr vil hjelpe mot trenden

Dyrevernalliansen er overtydde om at moglegheita Mattilsynet har, vil gi ein haldningsskapande effekt.

Live Kleveland, juist Dyrevernalliansen

Live Kleveland i Dyrevernalliansen er overtydd om at gebyra frå Mattilsynet vil gi ein preventiv effekt.

– Når det vert kjent hos folk at dei kan få eit gebyr som svir når dei overlèt dyra til seg sjølve, så vil dette ha ein preventiv effekt, seier Live Kleveland i Dyrevernalliansen.

Kleveland trur mykje av dumpinga kjem av haldningsproblemar.

– Folk trur at katten klarer seg åleine, men det stemmer ikkje. Den døyr av dehydrering, svolt og stygge sjukdomar, seier Kleveland.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger